Årsmøtereferatet er klart.

Årsmøtet 2018 vart gjennomført i god, open tradisjon. Vi tok oss god tid til diskusjonar, så det varte i 1.5 time. Deretter var det pizza på Lægreid.

Referatet finn du her og i menyen "Årsmøte"

 

Dette styret vart valgt:

Vidar Vadset (leiar) fekk med seg Øyvind Heimset Larsen, Joakim Lærum, Geir Frode Lunden, Therese Flæte Blomberg, Tonje Norheim Tangerud (nestleiar) og Bente Mossige Ask i styret.

Valnemda vart attvald: Wilhelm Tangerud og Karl Andre Dahle

Takk til Odd Martin Stigen for innsatsen i styret!

Årsmøte Saftkokaradn 11.mars

Årsmøte Saftkokaradn

Dato: 11. mars
Stad: Lægreid Hotell.
Tid: 16.00

Vanlege årsmøtesaker. 

Godkjenning av frammøtte medlemmar
Godkjenning av innkalling
Godkjenning av sakliste
Val av ordstyrer, referent og underskrivare av referat
Behandling av styrets årsmelding
Behandling av rekeskap
Revisors og kontrollkomiteens betraktning
Fastsetting av neste års kontigentar
Behandling av innkomne forslag
Behandling av handlingsplan
Behandling av budsjett
Vedtektsendringar
Val
5-7 styremedlemmer og eventuelle varamedlemmer
Revisor(er)
Kontroll- og  valkomité

Saker til årsmøte må vere styret i hende seinast 4.mars og sendast post@saftkokaradn.com.

Enkel servering.

Vèl møtt.

Vår supporterkultur- av leiar Vidar Vadseth

Sogndal. Alle er velkomne. Sjå på deg sjølv so ein av familien.

Du var kanskje på Ullevål i 76. Askeladden vann hjartet til heile Noreg. Du hugsar opprykket til toppen av norsk fotball i 81 som om det var i går. Men kanskje du berre har fått med deg opp og nedturar på 90- og 2000-talet. Me har alle våre minner. Entusiastisk og ivrig. Stillferdig, men med eit brennande hjarte. For Sogndal. For familien.

Fjøra sydar på kampdag. Flagga blafrar i dalatrekken på gangbrui ved billaget. Du kjenner på pulsen. Høg. Du er rastlaus. Du finn vegen til Lægreid. Her er det mange. Mange som deg. Familien er samla. Laguttak og skadar blir diskutert over borda. Musikk i bakgrunnen. Stao no pao. Kanskje Dalaelvi renne. Nokon syng med. Sjølvsagt. Alltid. Alltid nokon so syng. Ikkje gløym og syng. For all del.

Me finn vegen mot Fosshaugane. Svarte og kvite. Godfølelse å sjå alle balkongflagga so heng langs vegen til heimen vår. Familien skal på kamp. Me finn plassen vår på ståtribuna bak mål. Gamle og unge. Kvinner og menn. Jenter og gutar. Familie. Me er alle Sogndal. Me er alle her for den same grunnen. Kamp. Laget so står oss nærast. Det er me mot resten av Noreg. Utan oss, ingen stemning. Mange er ukjende for kvarandre. Men ikkje her. 
Spelarane likar oss godt. Særs godt. Dei jublar i lag med oss. Nærleiken til klubben og spelarane er unik her hjå oss. Hjå familien. Dei óg er med i familien. Familien er Sogndal. Sogndal er familien.

Me syng høgt og lenge. Me syng i pausen. Me syng lenge etter kampslutt sjølv om me har tapt. Det er slik me vil ha det i familien. Me er alle i same båt. Me er fleire hundre forskjellige individ. Me i familien behandlar kvarandre med respekt. Sjølv om nokon syng meir enn andre. Slik er det i alle familiar.

Respekt for dei i familien. Heime som borte. Når ein er ute på tur, so er ein ute og representerar. Du kjem frå Sogn og Fjordane. Sogndal. Du er ein av familien. Du representerar familien. Du er ein av oss. Svart og kvit. Ikkje drit deg ut. Familien er viktigast. Hold hovudet heva. Ha trui. Ha draumar. Familien er sterk. Familien vinn alltid til slutt.

Sjå på deg sjølv so ein av familien. Sjå på deg sjølv so Sogndal. Syng høgt. Syng lenge.

Offisiell bortetur 2016

På laurdag reiser 28 stolte supportarar av Sogndal Fotball på årets bortetur. Me gledar oss alle saman.
Me vil retta ei særskild takk til våre tursponsorar so har gjort turen betydeleg rimelegare for oss i Saftkokaradn. Me vil samstundes oppmoda våre medlemmar om å nytta seg av tenestane dei leverar.
Tusen takk.

(Medlemmer kan ofte finne nyttig informasjon om borteturar på SK Sogndal og Saftkokaradn sine fb-sider. Søk)

Medlemstilbod 2016.

Saftkokaradn sine samarbeidpartnarar: Intersport – Lægreid-  Gasta-Malin

Opplev stemninga der den er best og bli aktiv Sogndalsupporter! Vi har og god plassering skjerma mot "Dalatrekken" og laget takkar oss etter kvar kamp! Ver med å opplev ein siger! Og DEN stemninga på ein god bortetur!

Du tener raskt inn medlemskapet. 
Feltet vårt har lågast fastpris i eliteserien! (kr 50 per kamp) 

  • Rabatt på Intersport- alle dagar- Umbro-Mizuno-fotballsko 20%
  • Rabatt på Lægreid kampdag (pizza mm.)
  • Rabatt på Restauranthuset Malin
  • Rabatt på Sogndalsbui
  • Hotellavtale Scandic- alle dagar
  • Rabattar på borteturane vi arrangerer
  • Tilgong til vår supporterkolleksjonen- og draktnr 12- møt oss på vår butikk!
  • Nettsida Saftkokaradn.no er ei gåve frå Gasta!

Les meir på "Medlemstilbod" i menyen

 

Samling på Lægreidspuben søndag 1. November

Til alle betalande medlemmar i Saftkokaradn:

I samarbeid med seniorklubben.

For eit flott fotballår me har fått vere med på, og spesielt siste veka har vore ein draum. Stor aktivitet i tillegg til 3 flott gjennomførte kampar for A-laget. Me skal heller ikkje gløyme 2.laget med ein flott sesongavslutning. At Stig med Førde klarte å berge plassen med ein knallsterk sesongavslutning mot sterk motstand var og svært viktig for fotballen i fylket.
Bendit Cup i helga vart og gjennomført knirkefritt med god hjelp av mange frå Seniorklubben.
Me i leiargruppa i Seniorklubben og Styret i Saftkokaradn ynskjer å markere at det går mot slutten av sesongen i år, ved å invitere alle medlemmer til ein fotballettermiddag søndag den 1. november på Lægreidspuben.

Program.

13.00 Alvin syner kampen Levanger-Sogndal på fleire skjermar i puben.

15.00-17.00 Atle serverar Fleskesaus til alle medlemmer (Sponsa av Lægreid og Seniorklubben)

15.00-18.00 Engelsk fotball på dei same skjermane.

18.00-20.00 29. serierunde i Tippeligaen

Me vonar mange har høve til møte opp men pga av matserveringa må vi vite ca kor mange som kjem innom. Tilbakemelding om dette må me ha innan fredag 30.11. kl. 15.00.

Påmelding til Svein Bakke på sveinb@sogndalfotball.no eller mob 97173013

OBOS-Vinnar 2015!

Sogndal er klare for tippeligaspel i 2016 etter nedsablinga av Hønefoss på bortebane! Dei mange saftkokarane som hadde møtt opp på AKA Arena fekk seg ein skikkeleg fest etter overlegne 5-2!

Berre dagar seinare blei det siger mot Kristiansund, og med det, sikra førsteplass i OBOS-ligaen! Med oss opp får me med Brann, og det er ikkje verst å kunne seie at me måtte hjelpa Brann for å sikra dei spel på øverste nivå.

No gledar me oss til dei to siste kampane for året, mot Sandnes Ulf og Levanger, og so skal det bli kjekt å få besøk av mellom anna Rosenborg og Molde til neste år! 

Stao no pao!

Saftkokaradn og Sogndal Fotball engasjerar seg i lag med Raude Krossen

Sogndal Fotball, Saftkokaradn og den lokale Raude Krossen ynskjer å bidra i den nasjonale og internasjonale dugnaden. Difor gir Saftkakaradn kr. 5000.- , Sogndal Fotball kr. 15.000.- medan Raude Krossen har bøssebærarar på Fosshaugane Campus framfor heimekampen mot Nest Sotra. Sjå nettsaka på klubbsidene

Vi i Saftkokaradn engasjere oss med om lag 15% av vår omsetnad fordi dette er så viktig 

Årsmøtereferat 2015 6.april kl 14 på Lægreid Hotell

Referat frå Årsmøte i Saftkokaradn 2015 6.april kl 14 på Lægreid Hotell
21 medlemmar møtte. Pizza vart servert i etterkant

Referatet kjem i år seinaer enn vanleg, då den valde referenten melde pass og Øyvind steppa inn. Referatet har vore på høyring i styret.

Sak 1. Innkalling og saksliste vart godkjent. Lars Jin Pedersen valt som referent. Vidar valt til ordstyrar og til å signere referat. 
Sak 2. Årsmelding. Vidar las opp årsmelding på vegne av styret i 2014. Årsmeldinga vart godkjendt utan merknader
Sak 3. Økonomi: Øyvind Heimset Larsen (kasserer) la fram økonomisk status for Saftkokaradn. Økonomien er liten, men ordna. 2014 gav eit netto overskot på kr 10 000 og saldo er kr 30 000.
Årsmøtet gjorde framlegg og vedtak på å nytte noko meir på eigenprodusert tifo i 2015 og det vert kjøpt inn nye flagg og stenger. Årsmøtet vedtok og at underavdelingar får behalde kr 100 av medlemssavgifta lokalt frå dei desse rekrutterer til bruk på rekrutteringstiltak og tifo . Kontingentsatsane vert uendra. 
Sak 4. NSA- seminar 2015. Dei to som deltok på seminar i vår, Odd- Martin Stigen og Vidar Vadseth orienterte om årets seminar og viktige tema som vart diskutert der for 2015
Sak 5. Nye nettsidesystem og oppgradert /nytt diskusjonsforum. Øyvind orienterte om innsatsen og kva det hadde kosta å oppgradere det øydelagde/hacka diskusjonsforumet med ny programvare frå same leverandør UTAN at noko av gammalt innhald eller brukarprofilar vart øydelagt. Særs bra! Gasta har kostnadsfritt gjeve oss eit nytt system –Squarespace- (fordi dei sjølve har slutta å nytte dotnetnuke). Dette er langt enklare å nytte. Diverre har vi mista ein del innhald frå gamlesidene, men dette er verd det. Takk til Gasta!
Sak 6. Styret vil i år søkjer Brønnøysund om organisasjonsnr./registrere Saftkokaradn offisielt. Det er vanskeleg å finne att dokumentasjon frå innleiing i 2000 og første aktive år 2001 pga husbrannen. 
Sak 7. Offisielle borteturar 2015. Saftkokaradn sin hovudtur i 2015 vert Hødd borte, men det vert og organisert til til Bergen (Brann først og fremst, men og Nest-Sotra og Åsane). Saftkokaradn får framleis 10 bortebillettar til utdeling på dei fleste bortekampar frå klubben (ikkje Brann).
Sak 8 Val: 4 i styret stod på val inkl. leiar.  Valnemd var og på val Framlegget frå valkomiteen -Tangerud/Dale- vart samrøystes vedteke ved akklamasjon:
Styret i Saftkokaradn 2015
Vidar Vadseth, Leiar
Øyvind Heimset Larsen, Kasserar (og nestsjef på nett)
Geir Frode Lunden, Arrangementssjef og Tryggleikssjef
Odd-Martin Stigen, Styremedlem
Therese Flæte Blomberg , Styremedlem
Anne Kari Hagen, Styremedlem
Lasse Hærum, Styremedlem og nettside/medie-sjef

Valkomiteen: Wilhelm Tangerud og Karl-Andre Dale tok attval
På første ordinære styremøte no har styret høve til å endre på og endeleg vedta intern rollefordeling.

Støtte i med og motgong!

Saftkokardn støttar laget. Alltid. Uansett.

Etter bortetur mot Nest-Sotra 26.april fekk vi denne eksterne omtala (Niclas Noreng Johansen, på FB): "Må berømme Sogndal fansen etter i dag, på bussen til så synger de, under så og si hele kampen sang de og etter kampen sang de, synes det er flott å se så mye engasjement. "

Etter tapet mot Levanger 30.april 2015 oppsummerer Sogn Avis 2.mai:

Bli med på laget

Sesongen 2013 er allereie godt i gong og Saftkokaradn har allereie innfunne seg på Fosshaugane. Nytt av året er at me no er plassert på Felt Q på Linessida. Og her kjem me til å stå for all framtid. Her har me flotte fasilitetar og me når ut til heile stadion med lyden vår. Saftkokaradn ønskjer alltid å bli fleire ståande og syngande supportarar. Trykk på linken "Bli medlem" i menyen, der finn du betalingsinformsjon med meir.  Har du eit brennande engasjement for Sogndal Fotball, so er me plassen for deg.

So møt opp på Fosshaugane og hei karane fram til siger. Ser eg deg på felt Q? Stao no pao.

Vidar Vadseth, leiar.

Read More