Årsmøte i Saftkokaradn 6. april 2014

Vanlege årsmøtesaker.


Årsmøte i Saftkokaradn 6.april 2014

Tid: 6.april kl.14.00 (heimekamp mot Sarpsborg 08 same dag)

Stad: Lægreid Hotell, Sogndal.

Vanlege årsmøtesaker. 

Saker som skal opp til handsaming under årsmøtet skal vere styret i hende 1 veke(7 dagar) før årsmøtet. Årsmøtet er Saftkokaradn sitt øverste organ.

Valkomiteen vil gjerne høyre frå medlemmane når det kjem til forslag på nye medlemmar i styret i Saftkokaradn. Halve styret står kvart år på val. 
Leiar står på val kvart år. Wilhelm Tangerud og Karl-Andrè Dale sit i valkomiteen. 

Styret i Saftkokaradn har sett sånn ut i 2013:

Vidar Vadseth, Leiar(på val)
Bente M Ask, Nestleiar(på val, tek ikkje attval)
Odd-Martin Stigen, Styremedlem(på val)
Gunn Wie, Styremedlem(ikkje på val)
Anne Kari Hagen, Styremedlem(på val)
Øyvind H Larsen, Styremedlem(ikkje på val)
Geir Frode Lunden, Styremedlem(ikkje på val)