Årsmøtereferat i Saftkokaradn 6. april 2014

Referat

Referat årsmøte Saftkokaradn Lægreid Hotell 6.april 2014
17 representantar møtte fram.
Innkallinga vart godkjend utan nokon innvendingar.
Vidar Vadseth vart valt til ordstyrar. Bente Ask og Øyvind Heimset Larsen vart valt til å signera referatet.
Leiaren gjekk igjennom årsmeldinga. Ingen spesielle anmerkingar i høve denne.

ÅRSMELDING 2013
SESONGEN:
Tippeligaen og me unngjekk nedrykk. Me skriv Tippeliga på Fosshaugane 2014. Spenninga holdt seg heilt til siste serierunde der me berga plassen sjølv med tap mot Aalesund. Resultata i dei andre kampane i botnstriden bikka vår veg. Laget presterte godt på våren og dårleg på hausten. Det å slå Molde og Haugesund borte var gode prestasjonar og høgdepunkta på bortebane.

Dialogen mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn har vore særs god i året som gjekk. Me har løyst utfordringar undervegs. 3 møter med SF gjennom sesongen.
Saftkokaradn hadde ein middels sesong med tanke på aktiviteten i gruppa. Me arrangerte ingen fellesturar av format, mens bidraget frå Linestribuna var betre enn føregåande år. Vi nytta Hallingkokaradn sin minibuss til Molde, der bortetribuna fekk gledeleg mykje besøk og det var og nokre billass av oss i Haugesund.

Saftkokaradn viste årsbeste då det butta som mest i mot heime. Det er grunn til å vere stolt av. Vi var rett og slett gode på tribuna mot Strømsgodset.

STYRET:
Styret har hatt denne samansetninga denne sesongen:
Vidar Vadseth, Leiar
Bente Mossige Ask, Nestleiar
Øyvind Heimset Larsen, Kasserar
Geir Frode Lunden, Arrangementssjef
Odd-Martin Stigen, Styremedlem
Anne Kari Hagen, Styremedlem
Gunn Wie, Styremedlem

Styrets arbeid er å halda Saftkokaradn i gong. Det har kome lite eller ingen skriftlege forslag frå medlemmane angåande saker me har hatt i året som har gått. Ynskjer ein å ta opp saker er det berre å senda e-post til post@saftkokaradn.com.

Forumet er veldig aktivt og styret prøver å snappa opp ønskjer frå medlemmane her. 
Me har i tillegg fått laga ei ny heimeside med Gasta. Denne byrjar å ta form med brukbart innhald. Men her står det att mykje arbeid endå.

Styremøter har det vore for få av, men me meiner at dialogen i styret har vore bra, og me 
har fått lufta det meste me har vilja diskutert.

Økonomi:
Økonomien i laget er middels. Me hadde ca 20.000 kroner på konto pr.31.12.13. Dei største inntektene våre kjem frå medlemsavgifta. Den største utgiftsposten vart innkjøp av supporterutstyr. Me har mykje på lager. Me var 130 betalande medlemmer i 2013.
10 000 gjekk til innkjøp og utsending av saftkokareffektar frå PGP og om lag 10 000 gjekk til flagg og pyro. 2.000 gjekk til medlemsskap i NSA og utgifter i høve seminaret der.

NSA Supportarseminar:
Saftkokaradn hadde 2 deltakarar på seminaret. Odd-Martin Stigen og Vidar Vadseth var Saftkokaradn sine representantar. 

Kampdag:
Saftkokarfeltet har vore bra besøkt gjennom heile sesongen. Spesielt heimekampen mot Brann som ein høgdare. Men her var det og veldig mange som ikkje var Saftkokarar som stod. Desse må me få huka tak i. Strømsgodset må og nemnast. Her fekk me mykje kred i etterkant.

Saftkokaradn har vore representert på alle Tryggleiksmøta i høve heimekampane på Fosshaugane. Me har og vore representert på ein del bortekampar. Det har elles vore dialog i førekant av dei kampane me ikkje har vore representert.
Me har og gjennomført 2 godkjente pyroshow på heimebana.

Media:
Saftkokaradn får mykje merksemd. Styret er nøgd med måten me vert framstilt på og mediehandteringa er av ypparste klasse. Dette skal me fortsetja med. Det er viktig å vera synlege og at me vert oppfatta på ein god måte av publikum og generelt blant folk.

Rekneskapen viser at me har pr. årsskifte 2013/14 ca. 20.000 på konto. Me har ingen store framtidige utgiftspostar. Hovudinntekta er framleis medlemskontigenten frp medlemmane.
Inkomne saker:
- Me fekk ein søknad frå Hallingkokaradn om tilbakeføring av 50,- pr. medlem sidan dei er ei stor gruppe og har fått mange medlemmar til å følgje Sogndal. Søknad avslått med 0 stemmer for. 
- Me fekk og ein søknad frå Rune Gjøstein og ein gjeng på Voss som bad om tilskot til ein minibuss dei skulle bruka til og frå Sogndal-kampar. Søknad avslått med 0 stemmer for.
- Vidar Vadseth hadde forslag om å auke medlemskontigenten i Saftkokaradn til 250 for vaksne, 500 for familie og 150,- for barn/skuleelev/student/honnør. Jo Heinum hadde eit godt poeng i at me burde ikkje røra barn/skuleelev/student/honnør-prisen då dette er rekrutteringsgrunnlaget vårt. Alle var einige i det. Vadseth forandra difor forslaget sitt til kun å gjelde vaksne til 250,-, familie til 500,- og barn/skuleelev/student/honnør uendra. Med forslaget gjeldande frå 2015-sesongen. Ny kontigentsats fekk gjennomslag med at alle stemte for.

Valkomiteen:
Karl-Andre Dale frå valkomiteen fekk ordet og han gjekk rett på sak, litt uvant frå valkomiteen si side på årsmøte.
Det var 4 personar so stod på val og berre Bente hadde informert valkomiteen om at ho ikkje tok attval. Elles so tok dei andre attval og også leiaren tok attval, slik at no ser styret slik ut i Saftkokaradn:

Vidar Vadseth(leiar, valt for 1 år.)
Øyvind Heimset Larsen(kasserar, 1 år igjen)
Geir Frode Lunden(arrangementsjef, 1 år igjen)
Gunn Wie(styremedlem, 1 år igjen)
Anne Kari Hagen(styremedlem, valt for 2 år)
Odd-Martin Stigen(styremedlem, valt for 2 år)
Lasse Hærum(NY, valt for 2 år)

Styret i Saftkokaradn hadde i si innstilling til valkomiteen om å ta eit år til, og det var dei interessert i. Wilhelm Tangerud og Karl-Andre Dale er då valkomitè i alle fall fram til neste årsmøte.

Møtet avslutta etter vel ein time.