Årsmøtereferat Saftkokaradn 17. mars 2013

Møteleiar: Leiar Vidar Vadseth
Skrivar/referent: Anne Kari Hagen
Til å skriva under årsmøtereferatet: KarlAndrè Dale og Øyvind Heimseth Larsen

Innkallingatil årsmøtet kom noko seint. Ei veke for seint, men frist for innsending avsaker vart altso utvida.

Leiar og møteleiar Vidar Vadseth las oppårsmeldinga for 2012.

*  Sesongen 2012 vart oppsummert med atsamarbeidet med Sogndal Fotball har vorte mykje betre gjennom møter og dialogSaftkokaradn og Sogndal Fotball imellom. Borteturar på tampen av sist sesong,to i talet, vart gjennomført med vekslande hell og blanda erfaring. Turanegjekk til AKA Arena og Nadderud Stadion. Turen til Hønefoss gjekk kjempefint,mens turen til Bærum og møtet med Stabæk ikkje ga Saftkokaradn god reklame. Hervart det diskusjon vedrørande alkohol der forslag om å servera alkohol(organisert) i bussen istadenfor at dei som deltek tek med seg alkohol sjølve.

* Vervekampanjen vart ikkje den«suksessen» ein kunne ynskja oss. Saftkokaradns styre hadde fiksa fem signertedrakter. Me har dei framleis liggjande.

* Saker til heimesida vår - innhaldm.m. Me treng ein aktiv og kreativ person som kan drifta denne sida. Ettersamarbeid med Gasta er sida klar til å brukast. Denne er flott og designet avdei flottare slaget. Kven kan gjera jobben med å halda sida i aktivitetet medskriving og storslagne nyhende? Forslag frå Karl Andrè Dale om at medialinja påSogndal vgs kan koplast på her?

* Økonomi – Saftkokaradn har ståande 28 000på konto. Me har brukt 12 800 kroner på nye flagg , banner ogflaggstenger. Utover dette har ein også skaffa seg ekslusive medlemskort medutlegg der for 8000 kroner. Vidare kjem inntekter frå 120 betalande medlemmerfor sesongen 2012.

* Norsk Supporterallianse sitt årlegeseminar – ein særs viktig arena for Saftkokaradn er deltakinga på NSA sittårlege seminar. Seminaret vart gjennomført på Ullevaal Stadion siste helga ifebruar der arrangementsansvarleg Geir Frode Lunden og styremedlem Arne Lomheimdeltok på vegne av Saftkokaradn. Det største temaet på seminaret 2012 varinnføringa av Supportarkoordinatorar (SK). 
Her er Vidar Vadseth vår SK. Han er bindeleddet mellom Saftkokaradn og SogndalFotball og kontakten med alle supportarklubbane som besøker Fosshaugane Campus.

* NSA-seminaret 2013: Frå seminaretdenne gongen kom det plutseleg eit forbod frå Noregs Fotballforbund om pyrobrukpå norske tribunar frå sesongen 2013. Meldinga sende rystelsar og sjokkbølgjerinn i gangane på UIlevaal Stadion under NSAa sitt årlege årsmøte. Her vart detnaturlegvis diskusjon rundt dette pyrotemaet. Vår eigen Vidar Vadseth hadde eitinnlegg/innspel på årsmøtet til NSA; omdet er lov for oss å ha pyroshow på vår tribune som er avskjerma, med tillatelsefrå lokalt politi og brannvesen samt vår eigen klubb (Sogndal Fotball).Dette skulle sjekkast opp, men inga attendemelding er komen inn pr. dags dato.Ein skeptisk Hallingkokar Odd Martin Stigen var også representert fråSaftkokaradn på seminaret. Tonen vart visstnok ein heilt annan etter atseminaret og årsmøtet var over. Stigen deltek også i 2014?

* Vidare hadde B-Gjengen frå Bryneeit (viktig og bra) innlegg om medlemsregistrering og økonomi som kallast«MAMUT». Me treng eit betre system for ei slik oversikt over medlemsregisteretsamt anna økonomistyring. Dette programmet kostar 3000 kroner (eingongssum vedinnkjøp) og vil heilt klart letta styrets arbeid. Det vil også vera ein mindresum i året for lisensbruken av dette programmet.

* CMore har no hovudrettane til åsenda Tippeligafotball. Konsekvensen av dette har blitt nye kamptidspunkter(laurdagar og søndagar). Det gjeld å halda hovudet kaldt og sjekka favorittlagetsine kamptidspunktar. Supportarane reagerer, men som kjent er det særs lite einkan gjera med dette no.

* Medlemstalet i Saftkokaradn – styretilag med resten av dagens medlemmar MÅ FÅ TAK I NYE MEDLEMMAR på det nye feltetvårt. I tett samarbeid med Sogndal Fotball vert altso Q-feltet på Linestribunadet nye feltet vårt frå 2013. Tilgang til kiosk og eige rom m.m. er klart. Memå bli flinkare til å verva medlemmar og restriksjonar gjeld: Ein må veramedlem av Saftkokaradn for å koma inn og stå ilag på Q-feltet!

* Bortebillettar – som før om årahar det vore usemje og usikkerheit om kven som skal ha desse billettane. Trengein «bråka» om dette no? Ca-pris på bortebillettar er 150 kroner. Ein saftkokarhar råd til dette. 

* Sogndal Fotball i Tippeligaen gjevnaturlegvis meir merksemd frå media. Saftkokaradns styret er nøgde med vår eigenopptreden i media og artiklane vert også godt framstilla, med eit viss unntakfrå tampen av fjorårssesongen, dog all PR er god PR(?) Me får mykje merksemdfrå journalistar frå dei små og store avisene samt mediehusa med tv-kameraer. Framføre2013 har mobiltelefonen til vår leiar gått frå å vera særs varm til gloheit. Kjøleveskebehaldarer bestilt til neste sesong.


* Saftkokaradn påtok seg også ansvaret for å gjennomføra Supportarcupen 2012. Eitstort arbeid vart lagt ned av komitèen som bestod av Tonje Norheim Tangerud,Wilhelm Tangerud, Andreas Hodlekve, Bente Mossige Ask og Karl Andrè Dale.Dessverre måtte ein avlysa supportarcupen grunna få påmelde lag. Det vart eitmindre underskot på 800 kroner. Ei fortent applaus til komitèen buldra soleis ikjedlaren.

VAL 
På val:
Andreas Hodlekve, styremedlem (går ut)
Øyvind Heimseth Larsen, styremedlem
Geir Frode Lunden, styremedlem og arrangementsansvarleg
Vidar Vadseth (leiar)
Valkomitèen har ikkje heilt jobba som forventa.

Styret for 2013 ser slik ut:
Bente Mossige Ask (ikkje på val)
Odd Martin Stige (ikkje på val)
Anne Kari Hagen (ikkje på val)
Øyvind Heimseth Larsen (vald for to år)
Geir Frode Lunden (vald for to år)
Vidar Vadseth (vald for eitt år)
Gunn Wie (nytt styremedlem, vald for to år)

Årsmøte gjev Vidar Vadseth fornya tillit som leiar og supportarkoordinator.Styret konstituerar seg sjølv på fyrste styremøte i forbindelse medSogndal-Rosenborg 7. arpil.

Me takkar Andreas Hodlekve for utretteleg innsats i Kokartrøyas styre og stell,men han vert sjølvsagt med oss vidare i tribunearbeidets skrik og skrål.