Årsmøte laurdag kl 17 på Lægreid og program for seriestarthelga

Den store seriestart helga! Da kan styret i Saftkokaradn i lag med Sogndal Fotball invitere til ei fantastisk kjekk seriestarthelg den 29.mars til 31.mars.

Det brakar laust fredagskvelden med kick off på campus. Der vil ein få sjå nye draktene og helse på spelarar. Sjå lenke lenger nede.

Laurdagen står i Saftkokaradn sitt navn i høgsete. Vi startar med oppmøte på puben når folk ynskjer.

Det blir årsmøte kl 1700- hugs innspel til valkomiteen må gjerast 14 dagar før årsmøte. Ta kontakt med Karl-Andrè Dale og Wilhelm Tangerud som sit i valkomiteen.

Fotballkveld etterpå med quiz og gode skrøner frå kjente og ukjente. Kan hende vi får storfint besøk også??!!

Søndagen møtes vi på puben før kamp og reiser samla opp på stadion. Dette blir kjekt folkens! Håpar so mange som mogleg kjem til Sogndal denne helga. Meld deg på eventen!
https://www.facebook.com/events/822505854754523/?ti=cl