Vår supporterkultur- av leiar Vidar Vadseth

Sogndal. Alle er velkomne. Sjå på deg sjølv so ein av familien.

Du var kanskje på Ullevål i 76. Askeladden vann hjartet til heile Noreg. Du hugsar opprykket til toppen av norsk fotball i 81 som om det var i går. Men kanskje du berre har fått med deg opp og nedturar på 90- og 2000-talet. Me har alle våre minner. Entusiastisk og ivrig. Stillferdig, men med eit brennande hjarte. For Sogndal. For familien.

Fjøra sydar på kampdag. Flagga blafrar i dalatrekken på gangbrui ved billaget. Du kjenner på pulsen. Høg. Du er rastlaus. Du finn vegen til Lægreid. Her er det mange. Mange som deg. Familien er samla. Laguttak og skadar blir diskutert over borda. Musikk i bakgrunnen. Stao no pao. Kanskje Dalaelvi renne. Nokon syng med. Sjølvsagt. Alltid. Alltid nokon so syng. Ikkje gløym og syng. For all del.

Me finn vegen mot Fosshaugane. Svarte og kvite. Godfølelse å sjå alle balkongflagga so heng langs vegen til heimen vår. Familien skal på kamp. Me finn plassen vår på ståtribuna bak mål. Gamle og unge. Kvinner og menn. Jenter og gutar. Familie. Me er alle Sogndal. Me er alle her for den same grunnen. Kamp. Laget so står oss nærast. Det er me mot resten av Noreg. Utan oss, ingen stemning. Mange er ukjende for kvarandre. Men ikkje her. 
Spelarane likar oss godt. Særs godt. Dei jublar i lag med oss. Nærleiken til klubben og spelarane er unik her hjå oss. Hjå familien. Dei óg er med i familien. Familien er Sogndal. Sogndal er familien.

Me syng høgt og lenge. Me syng i pausen. Me syng lenge etter kampslutt sjølv om me har tapt. Det er slik me vil ha det i familien. Me er alle i same båt. Me er fleire hundre forskjellige individ. Me i familien behandlar kvarandre med respekt. Sjølv om nokon syng meir enn andre. Slik er det i alle familiar.

Respekt for dei i familien. Heime som borte. Når ein er ute på tur, so er ein ute og representerar. Du kjem frå Sogn og Fjordane. Sogndal. Du er ein av familien. Du representerar familien. Du er ein av oss. Svart og kvit. Ikkje drit deg ut. Familien er viktigast. Hold hovudet heva. Ha trui. Ha draumar. Familien er sterk. Familien vinn alltid til slutt.

Sjå på deg sjølv so ein av familien. Sjå på deg sjølv so Sogndal. Syng høgt. Syng lenge.