Norsk Supporterallianse

Saftkokaradn er medlemmar i Norsk Supporterallianse (NSA)

NSA er ein paraplyorganisasjon for norske supportarklubbar innan fotball. Alle klubbane i dei 2 øverste divisjonane er representert her. NSA samlar over 40.000 medlemmar frå over 40 medlemsklubbar. NSA er bindeleddet mellom supportarklubbane og NFF. Dei har i tillegg ei eiga landslagsgruppe so tek seg av arrangement knytt opp mot landslaget. NSA jobbar tett og tøft opp mot NFF for å få fleire ståande og syngande supportarar på kamp i Noreg. Kvart år arrangerar NSA supportarseminar. Dette vert avhelde på Ullevaal i UBC sine lokale.

Du kan vitje sida deira her.