ÅRSMELDING

 

 

2015

 

SESONGEN:

Obosligaen og me rykka direkte opp med 9 poengs margin til Brann på 2.plass. Me skriv Tippeliga på Fosshaugane 2016. Sogndal var verkeleg i støtet heilt frå seriestart og det vart tidleg klart att me rykka opp. Høgdepunktet i sesongen kom med 4-0 på Brann Stadion der me var 1000 Saftkokarar og Sogndalssupportarar på bortefeltet. Må også nemna 5-2 på Aka Arena i Hønefoss der opprykket vart spikra. Fantastisk stemning på desse 2 kampane.

Dialogen mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn har vore særs god i året som gjekk. Me har løyst utfordringar undervegs.  2 møter med SF gjennom sesongen.

Saftkokaradn hadde ein middels sesong med tanke på aktiviteten i gruppa. Me arrangerte ingen fellesturar av format, men hadde eit par turar i lag med Seniorklubben. Dette må me bli betre på den komande sesongen.

 

STYRET:

Styret har hatt denne samansetninga denne sesongen:

Vidar Vadseth, Leiar

Therese Blomberg, Nestleiar

Øyvind Heimset Larsen, Kasserar

Geir Frode Lunden, Arrangementssjef

Odd-Martin Stigen, Styremedlem

Anne Kari Hagen, Styremedlem

Lasse Hærum, Styremedlem

Styrets arbeid er å halda Saftkokaradn i gong. Det har kome lite eller ingen skriftlege forslag frå medlemmane angåande saker me har hatt i året som har gått. Ynskjer ein å ta opp saker er det berre å senda e-post til post@saftkokaradn.com.

Forumet på heimesida syng på siste verset då aktiviteten her har dabba veldig av dei seinare åra. Men so er det meir gledeleg at facebooksida vår tel over 600 medlemmar og har veldig mange aktive brukarar.

Me har hatt eit styremøte i løpet av sesongen der me har møttest fjes-til-fjes. Elles har styret ei eiga gruppe på facebook der me tek opp alle saker og diskusjonar so Saftkokaradn er ein del av. Her har aktiviteten vore særs god.

 

Økonomi:

Økonomien i laget er blitt betre med åra. Me hadde ca 43.000 kroner på konto pr.31.12.15. Dei største inntektene våre kjem frå medlemsavgifta.  Me var 130 betalande medlemmer i 2015. Det er bestilt inn 4 nye flagg og stenger før denne sesongen. Og det er dei største utgiftene me har.

I tillegg fekk me endeleg registrert Saftkokaradn i Brønnøysundsregisteret slik at me fekk registrert oss med Grasrotandelen 1.september. Dette ga oss 2290,- i inntekt fram til nyttår 2015.

 

NSA Supportarseminar/Årsmøte:

Saftkokaradn hadde 3 deltakarar på seminaret. Odd-Martin Stigen, Øyvind Heimset Larsen og Vidar Vadseth var Saftkokaradn sine representantar. Vidar Vadseth vart valgt inn i NSA’s Kontrollkomitè.

 

Kampdag:

Saftkokarfeltet har vore bra besøkt gjennom heile sesongen. Bortekampane mot Hønefoss og Brann var 2 høgdepunkt der me var veldig mange saftkokarar. I tillegg vart det løyst 120 billettar på bortefeltet i Follo.

Saftkokaradn har vore representert på alle Tryggleiksmøta i høve heimekampane på Fosshaugane. Me har og vore representert på ein del bortekampar. Det har elles vore dialog i førekant av dei kampane me ikkje har vore representert.

Me har og gjennomført 2 godkjente pyroshow på heimebana.

Media:
Saftkokaradn får mykje merksemd. Styret er nøgd med måten me vert framstilt på og mediehandteringa er av ypparste klasse. Dette skal me fortsetja med. Det er viktig å vera