cupfadesen.jpeg

Supporterkoordinator

Sogndal har, som andre toppklubbar i Noreg og store delar av Europa, ein supporterkoordinator, eit bindeledd mellom supporterar og klubben, vakter, politi og så vidare.

I 2018 er Øyvind Heimset Larsen SK Sogndal Fotball. Kontaktinfo: oyvlar@gmail.com 97106454 

SK Sogndal legg ut informasjon om borteturar her: https://www.facebook.com/SKSogndalFotball/

Supporterane er hjartet i fotballen og vil alltid være der.  Difor er det viktig at dei blir ivaretekne og har ein etablert person å gå til dersom dei treng det. Supportarkoordinatoren i Sogndal Fotball skal etter beste evne sørgje for ein so god kommunikasjon so mogleg mellom klubben og alle supportarar av Sogndal Fotball. Informasjon bør gå begge vegar, for det er viktig for klubben å høyra supportarane si mening.

Noreg er på mange område innan fotballen roligare enn dei flest andre land i verda. Her er det mindre vald og uønska episodar. Det er ikkje sjølvsagt at dette held seg om det ikkje vert jobba godt i kulissane. 

MÅLSETTINGA FOR SK-ORDNINGA ER FØLGJANDE
- Etablere eit nasjonalt og internasjonalt nettverk for SKar for utveksling av erfaring og beste praksis på arbeidsmetodar. Dette er på plass med årleg samling i NFF/NTF-regi og dialog direkte og på sosiale medium mellom SK-ar.

- Betre tilhøva mellom supporterar seg imellom og mellom klubb/valgte leiarar/sikkerhetsansvarlege og stadionvakter. SK skal vere ein garantist for eit minimum av kommunikasjon mellom klubb og supporterar. Dette gjer vi no etter beste evne rundt om i landet. Rolla og reelt innhald i rolla er ulik i ulike klubbar, ofte grunna storleik, aksept for dialogbehov og andre rammevilkår. 

- På sikt etablerer ein nasjonal SK som sikrar kontinuitet, oversikt og opplæring.

Formelt har NFF utforma følgjande krav til klubbane og eit rådgjevande dokument: 

"Det er krav til klubbene som har klubblisens i Norge, og de som skal spille i UEFAs herreturneringer for klubber å ha en Supporterkoordinator (SK). Dette dokumentet beskriver hva SKene skal, bør og kan gjøre. Dokumentet er ingen fasit, men forslag til en struktur som SKene og klubben kan forholde seg til".

NFF dokumentet om SK- rolla i 2018 lese du her!