Vedtekter for Saftkokaradn

 

Saftkokaradn

Namnet er henta frå Sogndal si over hundre år gamle hjørnesteinsbedrift, saft- og syltetøyprodusenten Lerum.

Stiftingsdato

2001

Avgjerdstakande organ

I god demokratisk ånd er supporterklubbens høgaste organ årsmøtet, og det ekstraordinære årsmøtet. Mellom årsmøta er styret det øvste avgjerdstakande organet.

Organisatorisk tilknyting

Saftkokaradn er den offisielle supportargruppa til Sogndal Fotball. Saftkokaradn er som oftast representert på alle Tryggleiksmøta i høve heimekampane på Fosshaugane. Saftkokarand er og har vore aktiv medlem av Norsk Supporterallianse sidan etableringa i 2001

Formål og målgruppe

Saftkokaradn bidreg som best me kan til å støtte LAGET både på heime og bortebane:  Sogndal Fotball. Supporterklubben er ein uavhengig, frivillig og allmennyttig organisasjon.

Utanomsportslege føremål

Saftkokaradn støttar MOT og tek avstand rasisme, religiøs, politisk eller seksuell diskriminering og mobbing. Saftkokaradn legg til grunn Norsk Supporterallianse sine prinsipp for god supporterskikk. Grove brot mot disse prinsippa kan medføre bortvisning frå feltet og eksklusjon frå medlemsskap.

Medlemmer

Supporterklubben har ulike medlemskapsformer  (barn/honnør/støttemedlemmer/ studentmedlemmer, enkeltmedlemmer(vaksen frå 16 år), familiemedlemskap (2+2)). Berre fysiske menneske kan vere medlemmer. Alle medlemmar har lik rett på medlemsfordelar. Alle pliktar å forstå og følgje god supporterskikk.  Medlemmar må vise medlemsskapsbevis for å få tilgong til mange av medlemsgoda (rimelegare billettar på heimekampar, tilgong til bortebillettar supporterklubben måtte disponere, og evt. rabattar supporterklubben har framforhandla).

Medlemsstatus

Status som medlem får ein normalt når kontingenten er betalt. Kontingentperioden følgjer kalenderåret. Utmelding må skje skriftlig til styret i supporterklubben og betalt kontingent vert ikkje refundert.

Ei innmelding kan ved særskilte høve avslåast av styret, om den som søkjer medlemsskap ikkje ønskjer å identifisere seg med grunnhaldningane i Saftkokaradn.

Kontingenten vert vedteken av årsmøtet, og kontingentperioden er mellom årsmøta.

Medlemmers plikter og rettigheter

Medlemmene har møte- og stemmerett på årsmøtet og er valbare til verv i supportarklubben.

Medlemmar har rett til informasjon og innsyn i drifta av supporterklubben og skal gå føre ikkje-medlemmar i alle forhold i regi av supporterklubben, for eksempel tildeling av billettar til arrangement som cupfinale eller bortebillettar klubben tildeler oss.

Medlemmer plikta å rette seg til gjeldande retningslinjer ved kamparrangement og andre sammenhengar som regulerast av norsk lov eller supporterklubbens sine retningslinjer. Om klubb eller supporterklubb vert straffa pga handlinger utført av eit medlemm. Kan vedkommande sanksjonerast med bortvising, eksklusjon etc. avhengig av situasjon.

Utestenging

Styret kan utestenge (suspendere/ekskludere) medlemmar etter vedtak med 2/3 fleirtal i styret. Det skal vere muleg for den det gjeld å uttale seg før styret fattar vedtak. Årsmøtet er ankeinstans.

Styret

Leiar eller den leiar har gjeve munnleg fullmakt til dette kallar inn til styremøter. Styremøter er vedtaksdyktige når halvparten av medlemmene er til stades eller har gjeve fullmakt utanom i saker som krev 2/3 fleirtal. Ved likt tal stemmer tel leiars stemme dobbelt i saker som ikkje krev 2/3 fleirtal. Det skal som hovudregel gjennomførast minst fire styremøter i året. Leiar har ansvar for at protokoll vert ført.

Leiar vert vald på årsmøtet. Styrets konstituere seg sjølv i første møte etter årsmøtet, men årsmøtet har høve til å velgje personer til definerte oppgåver.

Styret har høve til å opprette undergrupper ved behov, og underavdelingar, evt med eget styre og budsjett. Drift av desse må skje under same rammer som styret si drift for øvrig (handlingsplan og budsjett). Styret delegerer sluttansvar. Undergruppene kan ha møte- og talerett på styremøta.

Styret har høve til å stengje ute styremedlemmer. Ei slik avgjerd kan kunn takast med kvalifisert fleirtal (2/3) i styret.

Det skal innkallast til ekstraordinært årsmøte når en meir enn halvparten av dei valte styremedlemmene er utstengt eller har trekt seg.

Årsmøtet

Årsmøte vert arrangert på 1.heimekampdag i kvar sesong på Lægreid hotell. Rekneskapsperioden følgjer kalenderåret.

Frist for innkalling til årsmøtet skjer digitalt via nettside og sosialemedier. Sidan det er nedfelt at årmøtedato er 1.heimekamp er fristen to veker. Innkallingen til årsmøtet skal innehalde tid og stad.

Fristen for innsending av forslag og vedtektsendringer er to dagar før (e-post er tilstrekkeleg). Årsmøtepapir vert i hovudsak lagt fram på årsmøtet

Saftkokaradn er tilhengar av opne møter. Observatørar frå Sogndal Fotball, media og andre interesserte vert ikkje avvist. Men observatørar har ikkje talerett.

Årsmøtets gang

  1. Godkjenning av frammøtte medlemmar
  2. Godkjenning av innkalling
  3. Godkjenning av sakliste
  4. Val av ordstyrer, referent og underskrivare av referat
  5. Behandling av styrets årsmelding
  6. Behandling av rekeskap
  7. Revisors og kontrollkomiteens betraktning
  8. Fastsetting av neste års kontigentar
  9. Behandling av innkomne forslag
  10. Behandling av handlingsplan
  11. Behandling av budsjett
  12. Vedtektsendringar
  13. Val
    • 5-7 styremedlemmer og eventuelle varamedlemmer
    • Revisor(er)
    • Kontroll- og  valkomité

 

Stemmedyktighet

I hovudsak skal stemmegjeving vere basert på personleg oppmøte. Årsmøtet må i kvar sak først godkjenne om medlemmer vil avgje stemme pr fullmakt. Saftkokaradn har medlemmar over heile Noreg, så det er opning for dette.

Avstemming

Avgjøres vanlig av vanlig flertall. Skjer ved håndsopprekning. Avgjørelse om skriftlige avstemninger kan vedtas av de frammøtte.

Val

Avgjerast av vanlig flertall. Kun betalende medlemmar som ikkje er utestengt er valbare til verv. Val av personer bør foregå skriftlig om det er flere kandidater eller om dette blir forlangt av dei fremmøtte. Alt annet avgjøres ved håndsopprekning.

Noen supporterklubber legger inn en klausul om at gyldig medlemskap må ha vart et bestemt tidsrom før medlemmene er valgbare, for eksempel tre måneder. Det kan være gunstig å presisere om forslag til øvrige styrekandidater skal sendes inn skriftlig innen et bestemt tidspunkt før årsmøtet. I så fall må valgkomiteens innstilling komme ut så tidlig at forslag til motkandidater rekker innsendelsesfristen.

Valperioden er alternerende toårige perioder for styremedlemmar og ettårige perioder for øvrige verv, som leiar og valnemnd. Halve styret står kvart år på val.

Vedtektsendringar

Kan kun vedtakast med kvalifisert fleirtall (2/3 flertall)

Ekstraordinært årsmøte

Styret kan innkalle til ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte innkalles gjerne med samme frister som ordinært årsmøte og behandler kun saken/sakene det er innkalt for.

Styret bør kalle inn til ekstraordinært årsmøte om en viss andel (for eksempel ¼) eller at absolutt antall av medlemmene krever det. I små og mellomstore supporterklubber opp til for eksempel 500 medlemmer, er det muligens nyttig at det må en bestemt andel til. I større supporterklubber bør det være kanskje være et absolutt antall medlemmer som krever dette. Kravet bør framsettes skriftlig med reelle underskrifter.

Oppløysing av supportarklubben

Ved evt. oppløysing havnar resterande ressursar i ny, uavhengig supportarklubb for Sogndal Fotball.

Oppløysing kan berre skje ved kvalifisert fleirtall på to årsmøte – 2/3 av dei avgjevne stemmene. Dei to årsmøta – ordinært og ekstraordinært- må ha minst eit halvt års mellomrom.

Æresmedlemskap

Det er ikkje tradisjon for å utnemne æresmedlemskap i Saftkokaradn, og utnemning av same verdi (livsvarig medlem osv), kan berre gjevast av årsmøtet. Framlegg til æresmedlemskap o.l. må i tilfelle fremjast med same frist som øvrige forslag til årsmøtet. Styret har høve til å omgjereæresmedlemsskap om særskilte tilhøve inntreff, som td at medlemmet set Saftkokaradn i vanry.

Vedtektene blei oppretta i 2001 og sist endra på årsmøtet 1.april 2012.