Infoskriv frå Saftkokaradn før Sogndal - Fredrikstad

Infoskriv frå Saftkokaradn før Sogndal - Fredrikstad 24.6 kl 20.00

Det er duka for fotballfest heile helga - med Lerum cup og fleire tusen besøkande i Saftbygda! Lørdagen får me servert ein toppkamp mellom to klubbar med lang historie i Norsk fotball. Sogndal - Fredrikstad kl 20.00 lørdag på Fosshaugane!

Oppkøyringa startar du på Fjøra pub frå kl 15.00 - der har medlemmar i Saftkokaradn gode prisar på mat og drikke (spør i baren). Det vil fort vere mykje tilreisande gjester her denne dagen, me oppfordrer alle til å ta godt imot kvarandre. Krigen vinn me på bana og tribuna. 


Me oppfordrar alle supportarar til å kle seg i KVITT! Me har planlagt både det eine og det andre på tribuna, så her er det berre å møte opp og bidra med stemma som du har!

ALLE SOM YNSKJER Å BIDRA ER VELKOMNE PÅ VÅR TRIBUNE!

Billett til stemningstribuna kjøper du her: https://ticketco.events/no/nb/events/236554/seating_arrangement/?item_type_id=13530569

Felt Q og P - 50 kr

Tekst: Sindre T. Myrvang på vegne av styret i Saftkokaradn

Forrige
Forrige

Stem på månedens spelar!

Neste
Neste

Bortetur til Skeid!