Det er på tide å fornya medlemskapet sitt, eller bli medlem for første gong i Saftkokaradn.

Prisane for 2024 ser du i lista under. I 2020 digialiserte vi medlemskap. No nyttar me Gnist-appen som er knytta opp i mot sida StyreWeb. Det er eit digitalt system som gjer ting lettare for oss og betre for medlemmane. Alle medlemmar lastar ned Gnist appen og loggar seg inn med den infoen ein brukte når ein vart medlem. Der finn ein medlemskortet sitt og ein full oversikt over medlemsfordelane!

Medlemstype Pris

  • Medlem (frå 16 år) 250,00

  • Familiemedlemskap 500,00

  • Student 150,00

  • Barn 150,00

  • Honnør 150,00

  • Støttemedlem 100,00

Trykk her for å melde deg inn i Saftkokaradn!

Bli medlem i Saftkokaradn!

Kvifor bli medlem?

  1. Opplev stemninga der den er best og bli ein aktiv Sogndalsupporter som syng med. Du høyrer oss! Vi har og god plassering skjerma mot "Dalatrekken" og laget takkar oss etter kvar kamp! Ver med å opplev ein siger og kjenn på stemninga!

  2. Bli med oss på bortekampar eller berre møt opp og stå med oss. Her er samhaldet ekstra sterkt  og verdien av å støtte av laget ekstra stor. Om du ikkje har opplevd følelsen av samhaldet på tribuna endå, anbefalar me å gje det ein sjanse. Du kjem ikkje til å angra!

  3. Me er inkluderande og du er velkommen uansett kven du er! Vi støttar laget i med og motgong, og vil gjerne ha deg ved vår side!

  4. Medlemsfordel 1: Billettpris. Billettprisen på heimekampar er låg og du tener raskt inn medlemskapet ditt. Medlemmar i Saftkokaradn får dei beste prisane på heile stadion uansett om du kjøper enkeltbillett eller sesongkort!

  5. Medlemsfordel 2: Bortetur. Som medlem i Saftkokaradn får du alltid borteturane til ein så lav pris som mogleg. Det vil alltid koste mindre å vere med på bortetur som medlem enn utan å vere medlem.

  6. Medlemsfordel 3: Avtalar med våre støttespelarar. Som medlem i Saftkokaradn i 2024 får du:

    • Sogndalbui: 25% rabatt på alle varer (sjå meir i Gnist-appen)

  7. Medlemsfordel 4: Rabatt på supportareffektar. Du vil som medlem i Saftkokaradn få rabatt på utvalgte varer og supportareffektar i Kokarbui!

Kva betalar du for?

  1. Tifo, trommer, flagg o.l. Dette er forbruksvarer som kostar. Dette er viktig for å lage god stemning på tribuna!

  2. Pyro. I ordna former er dette særs god stemningsskapar. Me håpar på eit endra regelverk om kort tid slik at me igjen kan skape magisk stemning på stadion!

  3. Medlemskap i Norsk supporterallianse. Dette er viktig for å nå fram med våre synspunkt. Vi deltek aktivt med representant på årleg seminar.

  4. Borteturar- transportkostnader. For at me skal tilby ein så god pris som mogleg er medlemsavgifta viktig.

  5. Årsmøtekostnader og ymse materiell

  6. Forum og nettsidekostnader. Me har både Facebook, Instagram og Twitter-konto. I tillegg har me desse nettsidene- med god støtte og hjelp frå GASTA. Tusen takk!

  7. Aktive lokallag får behalde deler av medlemskontingenten mhp lokale tiltak eller reisekost på fellesturar. (Sist men ikkje minst!)