Velkomen til Saftkokaradn!

Me er den offisielle supportargruppa til Sogndal Fotball og Sogndal FK damer.
Namnet er henta frå Sogndal si over hundre år gamle hjørnesteinsbedrift, saft- og syltetøyprodusenten Lerum.
Supporterklubben vart etablert i 2001. Då hadde vår ærverdige forgjengar Fleskaberget lagt inn årene og medlemmane sett seg på hovud- og familietribuna.

Me bidreg som best me kan til å støtte LAGET både på heime og bortebane. Me meinar sjølv me er ein open, inkluderande og entusiastisk gjeng med eigne meiningar om det som skjer i klubb og på Campustribuna.

Historikk: I 2012 hadde me ca 110 medlemmer. I 2013 var vi av dei fÃ¥ supporterklubbane med litt vekst. 2014 vart eit litt tyngre Ã¥r. 2015 enno litt betre og i 2016 fekk vi til eit stemnings-løft pÃ¥ tribuna saman med uavhengige 1926 . 2017 og 2018 vart tunge Ã¥r sportsleg. Men ikkje for support og samarbeid og med unntak av G19 NM-gull og skandinaviske meistrar i 2018. 2019 vart utfordrande for A-lag og klubbøkonomi. Men nysatsinga juniorsvingen var eit vellukka initiativ frÃ¥ oss og G19, talenta vÃ¥re, gjorde seg gjeldande nasjonalt og spelte kvalifisering i UEFA Youth League. I 2020 var det nær 1300 medlemmer i vÃ¥r lukka Facebook-gruppe. Ja, vi er færre enn i gullÃ¥ra 2003-2004 dÃ¥ me var over 300 betalande medlemmar, men enno viktigare for oss er det at du og spelarane ser og høyrer oss pÃ¥ kamp. Vi greidde støtte laget godt pÃ¥ heimebane i korona-Ã¥ret 2020 og. Og endeleg var vi over 100 medlemmar att! PÃ¥ Ã¥rsmøtet for 2021, i mars 2022, vart det ogsÃ¥ vedteke at Saftkokaradn skal vere offisiell supportarklubb for den nyoppretta klubben Sogndal FK Damer.

Bli med på laget no i 2025! Me har digitalisert og det er lettare å bli medlem og å fornye medlemskap. Vi har no rundt 170 medlemmar og ca 1.5 k føl oss på vår Facebook-side. Nettsida her skal ha rett informasjon, men det meste av aktuelt vert nok formidla på SoMe. Me er stolte medlemmar av Norsk supporterallianse og vi meiner mykje om kva som må til for å skape stemning på tribunene her og elles i landet. Me har eit godt samarbeid og tillitstilhøve til klubben basert på dialog, sjølv om vi stundom er sterkt usamde. Både vi og klubben lærte mykje av ei offentleg usemje vi hadde i 2009.