Kva no, Sogndal Fotball?

Sogndal Fotball er inne i den tøffaste perioden klubben har hatt. Det kjem mange saker på kort tid i media som viser at det skjer ting i klubben som ikkje representerer dei verdiane me står for. Endre Romøren i Sogn Avis har mange saker ute med detaljar om kva som har skjedd, og me reknar med at dei fleste som er glade i klubben har lest desse sakene, og at dei har fått med seg korleis situasjonen har vore i klubben. Dette kjem i tillegg til ein svak sportsleg vårsesong der målsettinga for sesongen stadig vart meir urealistisk. Resultatet av dette er at Luis Pimenta ikkje lenger trenar laget. Men er det ikkje fleire som er ansvarlege for utviklinga av klubben enn hovudtrenaren?

Me må starte med å takke Eirik Bakke som kjem inn for å hjelpe klubben i ein så krevjande situasjon. Det er naturlegvis mange sterke reaksjonar etter alt som har skjedd den siste veka, og det er godt å ha ein samlande figur på plass på Fosshaugane. Dette førte til at det vart ei heilt anna stemning på Fosshaugane under kampen mot Egersund enn det kunne ha vore, og det er ingen tvil om at dette påverka laget til å ta tre viktige poeng.

I dag er fotballklubbar veldig opptekne av å vise at dei er “klubbstyrt” og ikkje “trenarstyrt”. Likevel er det ofte vanleg at det berre er trenaren som får skulda når ting går gale. Styret i Sogndal Fotball og sportsleg leiar Terje Skjeldestad har nettopp måtte avslutte eit langsiktig prosjekt tidlegare enn venta for andre gong etter at Eirik Bakke reiste frå klubben i 2021. Då Tore André Flo kom inn som trenar var målet å etablere seg i Eliteserien i løpet av tre år. Det greidde dei ikkje, og resultatet vart at Tore André ikkje kunne fortsetje som trenar for Sogndal. Mange var einige i dette, og klubben starta på eit nytt prosjekt i 2025. Dette prosjektet blir no avslutta eitt og eit halvt år seinare, og ikkje berre av sportslege grunnar, til tross for at klubben gav Pimenta ei kontrakt ut 2028. Sist gong var det berre hovudtrenaren som måtte reise frå klubben. Blir det slik denne gongen også? Kan Sogndal Fotball evaluere dei siste åra på Fosshaugane, og konkludere med at løysinga er å prøve ut ein ny hovudtrenar i den same strukturen som ikkje har vist gode resultat tidlegare? Kva visste dei andre ansvarlege i klubben om desse utfordringane, og kvifor har ein ikkje klart å ta tak i det før det vart eit behov for å ta det gjennom media?

Dette er spørsmål som mange av oss sit att med no. Og det er også mange fleire spørsmål som kan stillast. Me ber dermed klubben om å kalle inn til medlemsmøte så fort det let seg gjere. Me forstår at klubben står i ein krevjande situasjon akkurat no, og at eit eventuelt medlemsmøte truleg ikkje blir gjennomført med ein gong. Likevel håpar me at klubben ser verdien av å ha ein god dialog med medlemmane som ønskjer svar på kvifor klubben har hamna i denne situasjonen, og ikkje minst om kva planen til klubben er for å løyse desse utfordringane. To av klubben sine kjerneverdiar er “inkluderande” og “ærleg”, og me håpar at klubben nyttar desse verdiane i dei komande vekene.

Ein dialog skal gå to vegar. Det betyr også at alle som bryr seg om klubben bør melde seg inn i klubben, og møte opp på medlemsmøta. Me er heldige som bur i eit land der idretten er demokratisk og medlemsstyrt, og det er viktig at me nyttar desse demokratiske kanalane både i gode og tunge periodar. Engasjement i sosiale medium er viktig, og viser at det er mange som bryr seg om Sogndal Fotball, men det er medlemsdemokratiet som er den beste måten å kunne påverke klubben direkte. Meld deg inn i klubben!

Styret i Saftkokaradn, 30.06.2026

Neste
Neste

Ny leiar for Saftkokaradn