Ny leiar for Saftkokaradn
Årsmøtet for 2025 vart gjennomført i forkant av årets første heimekamp 11. april, og det var som vanleg bra oppmøte og god stemning når Saftkokaradn har årsmøte tidleg på kampdag. Også i år starta møtet med servering av pizza før ein gjekk gjennom dei vanlege årsmøtesakene. Øyvind Heimset Larsen gjekk av som leiar etter seks år, og Sondre Henjum Bremer tok over sjefsrolla i supporterklubben.
Øyvind varsla tidleg at han tenkte å gi seg som leiar etter mange år i den rolla, og prosessen med å finne ein ny kandidat starta dermed tidleg. Etter god dialog internt i Saftkokaradn, kom det tidleg fram eit ønskje om at nestleiar Sondre Henjum Bremer skulle ta over. I tillegg til Øyvind, valgte også Therese Langeland å gi seg etter mange år i styret. Dei har begge lagt inn ein enorm innsats gjennom mange år for supporterkulturen i Sogndal, og vart takka av på årsmøtet med gåver.
Øyvind og Therese vart takka av med både blomster og gåvekort på årsmøtet. Foto: Sondre Henjum Bremer
Når to personar går ut av styret, må også to nye personar kome inn. Geir Marcus Merkesdal takka ja til å bidra i sin andre periode i styret Saftkokaradn, og han kjem inn for å bidra både med nye krefter og erfaring. Aron Lothe Skjerdal kom også inn i styret etter å ha vist eit positivt engasjement i miljøet dei siste åra. Det er altså kome inn to yngre krefter i styret, og Saftkokaradn har gjennomført det som no kan bli kalla eit “generasjonsskifte”.
Etter årsmøtet ser styret for 2026 slik ut:
Sondre Henjum Bremer (Leiar), Sindre Tjørhom Myrvang, Svein Helge Steinsåker, Martin Salbu, Sivert Falkgjerdet Saur, Aron Lothe Skjerdal, Geir Marcus Merkesdal
Protokollen frå årsmøtet blir lagt ut når den er klar.
Øyvind leiar sitt siste årsmøte som leiar for Saftkokaradn medan Tonje Tangerud og Sondre Henjum Bremer takkar han for innsatsen, og ser fram mot framtida til supporterklubben. Foto: Sivert Saur

