Hallingkokaradn arrangerer tur til Ullsteinvik!

Helga 20-22. oktober arrangerer Hallingkokaradn overnattingstur til Ullsteinvik og kampen mellom Hødd og Sogndal!

Det vert stor buss og overnatting på Quality Hotel i Ullsteinvik. Eigenandelane er som følger:

  • Medlem i Hallingkokaradn, enkeltrom: 1500,-

  • Medlem i Hallingkokaradn, dobbeltrom: 1000,-

  • Ikkje-medlem i Hallingkokaradn, enkeltrom: 2000,-

  • Ikkje-medlem i Hallingkokaradn, dobbeltrom: 1500,-

Alle prisane er per person. Eigenandelen dekkjer buss tur/retur og hotellovernatting med frukost. Kampbilletten kjem i tillegg.

Påmelding er bekrefta og bindande ved betaling. Betaling gjerast til kontonummer: 2324 16 13615 eller på Vipps til 513372. I betalinga må du skriva fullt namn og kva romtype du ønskjer.

Det er begrensa antall rom så ikkje nøl med å melda deg på. Meir informasjon om avreisetidspunkt kjem seinare, men turen går frå fredag til søndag.

Bli med på tur! Dette blir kjekt!

Forrige
Forrige

Stem på månadens spelar!

Neste
Neste

Infoskriv før Skeid - Sogndal 01.07.23