Infoskriv før Skeid - Sogndal 01.07.23

Det er klart for ny bortekamp, og me skal gi alt på tribuna! Det vert arrangert tur frå Sogndal, og det er mange sogningar i Oslo i helga, så me kan garantera bra trøkk på tribuna!

Om du ikkje er meldt på tur, men ønskjer å vera med kan du melda deg på her: https://forms.gle/pSErivGdzsoSxzEK8

I Oslo er samlingsplassen før kamp Sandaker Café frå klokka 12. Her håpar me at mange stikk innom for å lada opp til kampen. Frå Sandaker Café til Nordre Åsen er det både moglegheit for å gå i omtrent 20 minutt eller å ta kollektivtransport i omtrent 13 minutt (sjå bileta under). Planlegg godt slik at alle er på plass på stadion i god tid til kampen.

Me ønskjer at alle kler seg i kvitt. Finn fram drakta eller eit anna kvitt plagg og bli med på å farga bortefeltet! Billettar kjøper du her. Kjøp billetten din på førehand då alt av billettar er digitalt og ein ikkje får kjøpt fysisk billett på stadion.

Treng du skjerf eller andre effektar? Ta kontakt slik at me kan ta med eit utvalg frå Sogndal.

Me håpar at det kjem mange med hjarte i Sogndal på kampen og at alle bidreg til ei flott ramma rundt kampen! Me skal til Oslo å henta heim 3 poeng!

Stao no pao!

Forrige
Forrige

Hallingkokaradn arrangerer tur til Ullsteinvik!

Neste
Neste

Stem på månedens spelar!