God somar frå Saftkokaradn!

Frå venstre: Sondre Henjum Bremer, Tonje Norheim Tangerud, Therese Langeland, Sindre Tjørhom Myrvang, Øyvind Heimset Larsen og Martin Salbu. Kåre Salbu var ikkje tilstades.

Vi gledar oss til haustsesongen! Til og med meir enn i tidlegare år.

Våren 2023 har vore ein opptur. Stort sett. Vi i Saftkokaradn har alt lukkast godt med målsettingar og handlingsplan som vi skisserte for oss sjølve og vedtok på årsmøte før sesongstart.

A-laget: Vi var i mindretal, vi som såg lyst på dette etter mange tapte treningskampar og lite mål i vår. Men talentfabrikken har Tore André og laget fått orden på. Og ikkje minst attraktiv angrepsfotball. Mange skorar mål i år. Då avheng suksess ikkje berre av ei målmaskin. Fleire gjer seg godt synlege på U-landslag (særleg Flataker og Sætren) samt på kåringane av OBOS-rundelaget. Klubben sin ambisjon var før sesongstart eit opprykk med eit lag som har noko i Eliteserien å gjere. Og dette ser i alle fall vi håp for no. Troppen har opplevd lite skadar i vår og ambisjonen skal vere uendra. Våre konkurrentar satsar, men vi er trygge på at klubben held på ambisjonen og jobbar knallhardt i overgangsvidauget i august for å behalde dei sentrale og styrke laget. I år skal vi ha ein god haustsesong!

Sogndal Fotballklubb Damer: Sesongen starta tungt og uheldig, men det er tak i jentene og poenga er samla inn so jamt at vi trur dei beheld plassen medan dei utviklar seg vidare. Vi gledar oss til haustsesongen. For her er det og landslagsspelarar å heie på, som Josefine Lefdal og Mia Bakke. Josefine er med J16 forresten den i Sogndal-drakt som har vunne noko stort i år. Det skjedde for Norge i den opne nordiske meisterskapen. Og nei, VI tel ikkje (cup)titlar delt ut til nokon Brann-drakter. Men NFF kunne ha laga eit betre oppsett. Oppgjera mot Bryne for damer og herrar burde vore på same helg. Vi har begge aktive supportermiljø som då hadde stilt på begge kampane.

Sogndal 2: Sesongen har vore ned og opp. Det er kamp for å halde plassen. Og den MÅ vi halde på. Oppturar som 4-0 mot Molde 2 viste talent. Men det er utrygt på plassen over streken i  Norsk Tipping-Ligaen avd. 2.

Sponsorar og støttespelarar :

-        Hertz: Også i år gjer samarbeidet med Hertz at vi kan reise på ganske mange kampar. Takk.

-        Fjøra pub: Vi har tett samarbeid med den nye fotballpuben som viser Sogndal sine kampar og gjev ei god oppleving for både oss og tilreisande. Det er vår samlingsstad, sjølv med Kokarbui.

-        Sparebanken Vest: Vi søkte om og fekk støtte til ein bortetur og takkar for det.

-        AMFI: Vi betalar for å leige Kokarbui med dugnader. Vi nyttar lokalet både sosialt, som lager og som arbeidsverkstad for Tifo. Takk og for bidrag til tifo-utlegg.

-        Meny, Monter og Joar Solberg Trafikkskule : Takk for bidrag til reisekassa.

Våre interne mål for året er å :

1.      Auke medlemstalet til 150. Vi er godt på veg med 116 i vårt digitale medlemsregister.

2.      Auke inntektene. (Vi skal ha aktivitet. Ikkje samle midlar). Det gjer vi med grasrotandel mm.

3.      Auke engasjement og kompetanse i styregruppa. Det har lukkast godt med arbeidsverkstad på Gol januar og deltaking på NSA-seminar i februar, samt deltaking på avsparka til damene og herrane, SF sin idedugnad, teams-møte med NFF og dialog i våre eigne kanalar elles.

4.      Arbeide for å oppretthalde ei inkluderande, positiv og kjekk stemning i klubben. Dette har vore ein stor suksess i vår. Vi har lukkast med å skape stor stemning og god støtte både på heimekampar og bortekampar og våre juniorar imponerer stadig. Vår tribunestemning har vore engasjert, kreativ og inkluderande. Vi har betre mangfald enn før med nye unge engasjerte, damer og herrar og ny aktivitet med god bruk av tifo, pyro og god synging.  Vi har kontroll. Ingen uheldige episodar på Fosshaugane og vi eigde tribunene på td. Åsane Arena.

5.      Arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle eit godt og gjensidig nyttig samarbeid med klubb. Vi har hatt jamlege møter og dialog mellom styret og SF og SFKD, og god bruk av SK (den her todelte supporterkoordinator-rolla). Då Bryne var på vitjing vart td den samla attesten at deira adm burde på studietur til Sogndal for å sjå korleis arrangement bør gjennomførast.

6.      Tydeleggjere styrets arbeid for medlemmane. Vi er særs aktive på SoMe. Podcast, nettside, fb, twitter («X»), Instagram, chat, Snapchat og no seinast TikTok. Få er betre enn oss!

 

Vi ser fram til hausten og har sjølvsagt synspunkt på tema både lokalt og nasjonalt:

-        VAR- Ein av dei få tinga vi gruar oss litt til når vi rykkjer opp. Det fungerer ikkje bra nok. Og det skal etter planen innførast i OBOS etter kvart og. Og tek denne satsinga ressursar frå anna viktig dommarsatsing i OBOS og Post Nord?

-        Internasjonalt. Vi har årsmøtevedtak på å støtte Josimar. Vi var imot Qatar, og kjem ikkje til å vere for at landet skal PRØVE å kvalifisere seg for eit Saudi-Arabia-meisterskap, nei.

-        Tusen takk til SF og SFKD for at de verdset at vi lagar stemning på tribunene og for tilrettelegginga og standpunkta de har teke. Vi snakkar godt saman no, sjølv når vi er usamde. Vi må få til koordinerte borteturar og halde fram tribuneutviklinga på Fosshaugane i haust.

-        Vi håpar og trur at informasjon blir enno betre frå SF i haust. Det er rart å lese om overgangar (Diaz) og eigne kamptidspunkt (treningskampar i vår, og no mot Kongsvinger) først på fotball.no og på andre sine kanalar.

-        Vi har mange venner, samarbeidspartnarar og kjente, men vi anerkjenner ikkje andre storesysken enn landslaga. Og i alle fall ikkje eit bylag. Vi minner dei uinnvidde om klassikaren: Navarsete sitt utsegn (Uglum, 2014):  «Kvar gong eg tok på meg den svarte og kvite drakta kjempa eg mot dei store byane». Vi er framleis utfordrarar. Sidan vi deler bygdeadresse, 3.lag og elles samarbeider med Fjøra, so kan dei få vere vetlebror. Om dei vil.

-        Det er merkeleg at OBOS har ferie medan Eliteserien spelar. Kvifor må vi arrangere ekstra treningskampar (utan inntekter og poengverdi) midt i sesongen?

-        Toppleiinga bør legge ut status for ambisjon og utvikling oftare. Både daglege leiarar og sportslege leiarar bør vere (meir) synlege meiningsberarar, også etter at sesongen er i gang. 

Styret ønskjer alle god somar, med håp om at enno fleire vil møte og KLE seg i klubbfargane i haust!

Vyrdsamt

Styret i Saftkokaradn

Øyvind, Tonje, Therese, Martin, Sondre, Sindre og Kåre

Øyvind Heimset Larsen

Leiar i Saftkokaradn

Forrige
Forrige

Stem på månadens spelar i august!

Neste
Neste

Stem på månadens spelar!