Stem på månadens spelar i august!

Kalendaren viser september, og me har allereie spelt den fyrste kampen i månaden. Då er det på tide å kåra den beste spelaren i august. I løpet av månaden vann me 2-1 borte mot Sandnes Ulf, tapte 2-0 borte mot Start, spelte uavgjort 3-3 mot Kongsvinger heima, tapte 3-0 borte mot Raufoss og vann 2-0 mot Skeid på Fosshaugadn. Merk at kampen mot Ranheim ikkje tel i denne kåringa.

Styret har nominert fire spelarar som ein kan stemme på:

  • Sondre Ørjasæter, venstrekanten som gjer livet vanskeleg for alle forsvararar har igjen levert ein god månad.

  • Oskar Borgþórsson, vår nye midtbanespelar har vorte kasta rett inn i ei ny rolle og klart seg godt. Scoringar på heimebane likar me!

  • Valdimar Ingimundarson, islendingen går framføre i front og legg ned ein stor innsats for å spela laget bra. Heldigvis tilbake frå skade etter pausen når me møter Fredrikstad.

  • Jónatan Jónsson, poengspelar og vår framste playmaker. Avgjerande for det flotte angrepsspelet me har hatt i år.

Du stemmer ved å svare på dette skjemaet her! Det er berre lov å stemme 1 gong!

Forrige
Forrige

Saftkokaradn støttar Andreas Selliaas og idrettspolitikk.no

Neste
Neste

God somar frå Saftkokaradn!