Info før bortekamp mot Åsane!

Me er klare for bortekamp mot Åsane, laurdag 13. mai, og her kjem litt info om dagen.

Det er satt opp buss frå Sogndal til Åsane med avreise klokka 8:30 frå Sogndal Skysstasjon. Turen går via Vik og påmeldinga er open fram til 12. mai. Du finn meir info og påmeldingslenkje på denne sida. Heng deg på og bli med på ein kjekk tur!

Før kampen skal me ha oppladning på Egon Åsane. Oppladninga startar allereie klokka 10:00 for dei ivrigaste og me held fram til omtrent klokka 14:00. Bussen frå Sogndal kjem til Åsane rundt klokka 13:00. Meir informasjon om arrangementet finn du på Facebook. Frå Egon skal me gå samla til stadion. Det tek omtrent 5 minutt å gå til Åsane Arena, og me går klokka 14:00.

Billettar til kampen kan du kjøpa på Åsane sine eigne sider ved å trykkja her. Bortebillettane er på felt A, B og C. Me ønskjer at dei ståande syngande supportarane samlar seg på felt B og bidreg til stemninga. Det er viktig at alle kler seg i svart og kvitt. Alle har ei svart jakke/gensar, bruk den til denne kampen. Det er også viktig at alle følgjer instruksjonar frå forsangar. På den måten vert me samstemte og lagar endå betre trøkk!

Bli med på kamp! Me blir mange, og me skal visa korleis da skal gjerast!

Forrige
Forrige

Bortetur til Kongsvinger!

Neste
Neste

Stand på Kokarbui og Pre-match på puben!