Stand på Kokarbui og Pre-match på puben!

Laurdag 6. mai tek Sogndal i mot Raufoss til ny heimekamp! Kampstart er klokka 15:00, og då vil me sjå deg på stadion! Men før den tid er det mykje som skjer!

Klokka 10:30 opnar me Kokarbui for fyrste gong i år. Her kan du slå av ein prat, spørra om ting du lurar på og få kjøpt diverse artiklar me sel. Oversikt over produkt i kokarbui finn du her! Det vert servert kaffi og brownies med is til dei som ønskjer da. Kokarbui finn du på framsida av Amfi Sogningen mellom kulturhuset og Sparebanken Sogn og Fjordane. Vel møtt!

Etter arrangementet ved Kokarbui går turen vidare til Fjøra Pub og Pre-match. Her vil det vere eit opplegg der 1-2 spelarar kjem innom og me samlast for å lada opp til kamp. Dette har vore ein suksess to gonger, og me håpar det kjem mange også denne gongen!

Forrige
Forrige

Info før bortekamp mot Åsane!

Neste
Neste

Bortetur mot Åsane!