Innlegg på “jentefotballens helg”

Helga 30. september til 1. oktober arrangerte Sogndal FK Damer “jentefotballens helg”. Her fekk representantar frå styret delta, og halde eit innlegg på vegne av oss i Saftkokaradn. Innlegget handla om korleis samarbeidet mellom oss og klubben har vore fram til no, og korleis me arbeider for å bli betre saman.

Presentasjonen kan du sjå og klikka deg igjennom her:

Helga vart avslutta med kampen mot Frigg ute på Fosshaugadn. Det vart ein innhaldsrik kamp som enda med 3-3 etter eit bittert mål i mot i siste sekund. Alt i alt ei god helg der jentene var i fokus.

Les meir om helga på Sogndal FK Damer sine sider!

Forrige
Forrige

Påmelding til Julebord 2023

Neste
Neste

Støtt oss med Grasrotandelen!