Påmelding til Julebord 2023

Me arrangerer julebord i år, og no kan du melda deg på. Julebordet blir på Fjøra Pub laurdag 16. desember klokka 18:00. Det blir servert julebuffe til mat, og ein kjøper den drikka ein sjølv ønskjer.

Prisen for julebordet er 250,- for medlemar og 475,- for dei som ikkje er medlem. Drikka betalar ein sjølv.

Bindande påmelding skjer ved innbetaling på Vipps til Kokarbui->Julebord 2023. Ein kan også betale ved å overføre riktig sum til vår bankkonto: 3720.16.03588. Når du har betalt skriv du inn namn og kor du har betalt i dette skjemaet: https://forms.gle/6j2qJQ2tMQgKAnnM6

Påmeldingsfrist: Onsdag 13. desember

Dette blir ei kjekk samling!

  • Tid: Laurdag 16. desember klokka 18:00

  • Stad: Fjøra Pub, Almenningen 4, 6856 Sogndal

  • Pris: 250,- for medlem, 475,- for ikkje-medlem

Forrige
Forrige

God jul og godt nytt år frå Saftkokaradn!

Neste
Neste

Innlegg på “jentefotballens helg”