Meir dialog i 2026!
I eit intervju med Sogn Avis i november, kom hovudtrenar Luis Pimenta med følgjande kommentar:
– Det er så mange gode ting som er blitt gjort i år, som mange ikkje veit om. Då må me sjå på kommunikasjonsstrategien vår, noko som gjeld meg også. Kanskje supporterane våre vil lika å høyra at me har teke steg på det og det området, uansett om det er spelmodellen vår eller frukosten spelarane et før trening?
I både 2022 og 2023 inviterte klubben inn til allmøte der dei kunne presentere status for klubben og kva som er planen for vegen vidare. I tillegg kunne folk stille spørsmål direkte til klubben. Det var stor interesse rundt desse møta, og møtet i 2023 har over 460 visningar på YouTube. Den ivrige supporteren Ove Salbu sa dette til Sogn Avis etter møtet:
– Det er fint å få koma her og stilla spørsmål, som ein ikkje vil få svar på utan å gjera det. At dei gjer slikt er veldig positivt, sidan me må ha eit samhald mellom supporterar og klubben. Me må stå tett saman om me skal klara dette.
Kvifor vart det slutt på slike møter? Det finst sikkert fleire grunnar til at det har vore vanskeleg å finne tidspunkt for å gjennomføre det, men hadde det ikkje vore lurt å invitere folket inn nokre gangar i året for å ta ein samtale om korleis ting er i klubben? Sofapraten med Gisle var eit bra initiativ, og det har også vore mogleg å stille spørsmål i Skraol før kampar. Desse tiltaka har vore bra, men å setje av nokre ettermiddagar i året til å snakke med dei som bryr seg om klubben, kan vere veldig positivt for korleis stemninga og omdømet er. Eg opplever personleg som nestleiar i Saftkokaradn at det er slik at ein får svar dersom ein stiller klubben kritiske spørsmål, men eg har også ei rolle som gjer at eg kan kome i kontakt med klubben oftare enn ein vanleg supporter. Det finst mange som bryr seg om klubben, og dei fortener å få vite kva som skjer, både når det går bra og når det går dårleg.
Derfor ønskjer me at Sogndal Fotball i 2026 skal arrangere fleire opne møter der ein kan ha direkte kommunikasjon med folket i bygda. Ein har fått til dette tidlegare med stor suksess, og eg opplever at det hadde vore godt for supporterane og klubben å ta seg ein prat av og til. Dette har mangla i 2024 og 2025, og det er ingen hemmelegheit at det finst mange som er misnøgde med korleis det har gått dei siste åra. Dette kunne ein spesielt sjå på årsmøtet i april 2025 der stemninga mellom dei som hadde ulike meiningar rundt klubben ikkje var spesielt bra. Dette kan ein unngå ved å ha fleire møtepunkt enn berre årsmøtet, som er ein gang i året. Vår oppmoding til styret, er at dei inviterer folket til dialog i 2026, og gjer ein større innsats i å få med seg resten av bygda slik at ein skal kunne mobilisere inn mot eit opprykk til Eliteserien! For sjølv om det finst mange ulike meiningar om Sogndal Fotball, er alle einige om at det snart er på tide å kome seg opp igjen!
- Nestleiar Sondre Henjum Bremer på vegne av styret
F. v. Øyvind Heimset Larsen, Martin Salbu, Therese Langeland, Sondre Henjum Bremer, Svein Helge Steinsåker og Sivert Saur. (Sindre Myrvang var ikkje tilstades)

