Årets spelar til Andrea Njøs og Sander Granheim

Tradisjon tru har Saftkokaradn kåra årets spelar for både Sogndal FK Damer og Sogndal Fotball. I år har kåringa hatt ein litt annleis vri, og det er styret si vurdering som ligg til grunn for kåringane.

“Saftkokaradn sin årets spelar er ikkje nødvendigvis den spelaren som presterer best på bana, scorar flest mål eller hindrar flest målsjansar. Utmerkinga legg også vekt på korleis spelaren representerer klubben både på og utanfor bana, og korleis spelaren byr på seg sjølv i møte med supportarar.”

Årets spelar for Sogndal FK Damer i 2025

“Den unge angrepspelaren har vore i klubben sidan oppstarten i 2022, og har vore ein viktig spelar for laget i fire sesongar. Me vart fort kjent med ho under den fyrste heimekampen til klubben i 2022 då ha scora vinnarmålet, og kunne fortelje Sogn Avis rett etter kampen kor kjekt det var å score framfor Saftkokaradn. Sidan den gongen har det blitt totalt 31 scoringar for klubben, og ho har hatt sin mestscorande sesong i år etter at ho avslutta sesongen med 10 scoringar totalt. Dette er ein spelar me har fulgt sidan ho var 15 år gammal, og me har sett ho teke steg kvart einaste år. Ho har vore den på laget som har spelt flest kampar i år, og ho har verkeleg etablert seg som ein av nøkkelspelarane i bygda! Saftkokaradn har kåra Andrea Sælid Njøs til årets spelar for Sogndal FK Damer i 2025!

Gratulerer så mykje til Andrea! Stao no pao!

Styremedlem Martin Salbu og Nestleiar Sondre Henjum Bremer delte ut prisen på avslutningsfesten til Sogndal FK Damer Foto: Kari J. Bakke

Årets spelar for Sogndal Fotball i 2025!

“Den unge midtstopparen frå Sandane tok steget opp til A-laget i år, og har levert strålande i debutsesongen. Han har starta alle kampane i OBOS-ligaen i år, og har vore ein av dei mest solide i kvar kamp til tross for sin unge alder. Han er i tillegg audmjuk, hardtarbeidande og eit godt førebilete i laget. Sander har vore beviset på at vegen frå akademiet til toppfotballen er kort i Sogndal, og dette bør inspirere mange unge spelarar i fylket! Saftkokaradn har kåra Sander Aske Granheim til årets spelar i 2025!

Me gratulerer Sander med ein strålande debutsesong i Sogndal, og ser fram til å følge utviklinga hans vidare! Stao no pao!

Nestleiar Sondre Henjum Bremer delte ut prisen på Fosshaugane Campus Foto: Martin Salbu


Neste
Neste

Årsmøteinformasjon, markering og ny fanzine