Saftkokaradn støttar Andreas Selliaas og idrettspolitikk.no

Foto: henta frå @aselliaas på X/Twitter og Idrettspolitikk.no si Facebookside

Årsmøtet for 2022 vedtok at Saftkokaradn i 2023 sitt årlege velgjerande bidrag skulle gå til Josimar. Deira rolle som ein kritisk og uavhengig journalistisk organisasjon meiner me er viktig for fotballen. Etter årsmøtet kom den gledelege meldinga om at Josimar sin økonomiske situasjon løyste seg. Styret vedtok difor i samråd med forslagsstillar at midlane skal gå til andre som spelar ei lik rolle innan fotballen. Vi valde idrettspolitikk.no og Andreas Selliaas. Me har oppretta to abonnement til oppunder 2000,- for å vise vår støtte!

Me legg til at han og andre medieaktørar framleis i våre auge står fritt til å skrive kritisk om både Saftkokaradn, Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer og NSA. Takk for jobben de gjer!

Lenkjer:

Forrige
Forrige

Støtt oss med Grasrotandelen!

Neste
Neste

Stem på månadens spelar i august!