God jul og godt nytt år frå Saftkokaradn!

"Saftkokaradn – Dei gjer ein formidabel jobb for Sogndal Fotball OG Sogndal FK Damer. Dei jobbar systematisk, samarbeider godt med klubbane. Dette har skapt ein arena der alle kan delta. Kvinner, menn, vaksne og barn."

Du verda så godt det gjorde å lese dette skotsmålet i SA 29.11.2023. Me vart nominert til årets sogning, saman med eit fåtal andre gode krefter som ikkje er einskildpersonar.

 

Saftkokaradn har som fellesskap, samt på eit sportsleg område, hatt eit godt år. Her kjem ei oppsummering av fotballåret 2023:

Vi startar med å takke våre sponsorar og støttespelarar: De er uvurderlege for oss!

-        Hertz: Også i år gjorde samarbeidet med Hertz at me kunne reise på ganske mange kampar. Takk!

-        Fjøra pub: Me har tett samarbeid med fotballpuben som viser Sogndal sine kampar og gjev ei god oppleving for både oss og tilreisande. Det er og har vore vår samlingsstad, sjølv med Kokarbui. Takk!

-        Sparebanken Vest: Me søkte om og fekk støtte til ein bortetur. Takk!

-        AMFI: Me betalar for å leige Kokarbui med dugnadar. Me nyttar lokalet sosialt, som lager og som arbeidsverkstad for Tifo. Takk og for bidrag til tifo-utlegg og quiz-premie!

-        Meny, Monter og Joar Solberg Trafikkskule: Takk for bidrag til reisekassa!

-        Takk og til våre grasrot-bidragsytarar via Norsk Tipping!

 

Sogndal FK Damer:

Me tek like godt til med det mest positive. Me er supporterklubben til Sogndal FK Damer. Jentene leverte i år også. Dei sikra seg 10. plass og fornya kontrakt i 2. divisjon neste sesong. Sesongen starta uheldig med mange marginale poengtap, men eit godt fellesskap leverte mange sterke prestasjonar utover sesongen. Me hadde mange fine opplevingar saman, og framhevar gjerne cupkampen mot Arna-Bjørnar. Fleire kokarar burde prøve ein kamp eller to på feltet vårt for å støtte dei og i 2024.

Året byrja med eit veldig bra avspark-arrangement på Fosshaugane. Me kjende oss heile tida velkomne og med på laget. Det vart færre bortekampar enn ønskt grunna kollisjon på terminlista. I 2024 er målet fleire turar og me håpar å få til betre koordinering av terminlista enn i 2023. Me deltok aktivt på deira arrangement, som på lanseringa av den flotte musikkvideoen og på jentefotballens helg. Me sette pris på å bli invitert med på sesongavslutninga, der me fekk dele ut pris for årets spelar til Anna Grindhaug. Me takka også av Robert Hovland og rekrutterte han like godt til oss i Saftkokaradn. Ny trenar for 2024 er klar. Martin Natvig har vi tru på, saman med resten av laget.

 

Sogndal Fotball:

Det positive her var samarbeidet med klubben. Styret vart invitert til Gol i januar, på avspark på SoHo og hadde tre samarbeidsmøte med klubben. Me hadde også god dialog direkte undervegs i sesong. Eit stort pluss i år var arrangementa før kamp på Fjøra pub. Under Lerum Cup bidrog me med dugnad gjennom heile turneringa. Me set pris på at me fekk lov til å lage tribunestemning med tifo, konfetti og pyro gjennom sesongen. Arrangering av avspark før sesongen var bra, sjølv om me ser forbetringspotensiale til neste gong.

Fellesturen til Fredrikstad vart ikkje den gode opplevinga den skulle vore. Her vart det gjort ein for dårleg jobb, og me håpar på ein betre tur i 2024. Me meiner det og var lagt for mykje energi i andre arrangement enn fotball. Informasjonsmøtet i september var også i år positivt. Vi meiner likevel at ansvarlege i klubben «gøymer seg» i lange periodar i år og at hovedtrenar for A- og 2.lag tek for mykje av støyten.

Juniorsvingen vår har også i år vore fantastiske! Tonje og gjengen har levert bra på tribuna!

Vidare til det sportslege: Me optimistane var i mindretal etter mange tapte treningskampar og lite mål i forsesongen. Rapportar og sendingar frå treningskampane i Spania var skrale greier, sjølv om det verka som at heile klubben var på tur. I starten av sesongen såg Tore André og laget ut til å ha fått orden på utfordringane. Me fekk sjå attraktiv angrepsfotball og mange scora mål. Det blei tapte poeng i kampar me på bakgrunn av sjansestatistikk skulle vunne lett. Me tapte som venta i cupen, mot LSK i mars og Sarpsborg 08 i juni. Spele- og tribunemessig vart det likevel ok opplevingar. Vi sakna fleire kampar med så godt oppmøte i år. Motstandarar omtala oss som det beste laget dei hadde møtt etter vårsesongen, og me tok ferie i god posisjon for opprykk. Då tenkte nokon av oss at suksess ikkje er avhengig av ei målmaskin i år. Fleire gjorde seg godt synlege på U-landslag, samt på kåringane av rundens lag i OBOS-ligaen. Klubben sin ambisjon var før sesongstart eit opprykk med eit lag som har noko i Eliteserien å gjere. Håpet vart tent, men so kom hausten, og igjen gjekk det feil veg. 7. plass og ikkje ein gong kvalifisering! Det var rett og slett elendig det som blei prestert i haust. Både framme, bak og på benken. Trena dei godt nok i sommar? Hadde me gode nok treningar og eigentreningar og taktikk? Var det nok vinnarskallar og lagspelarar i troppen i år? Kva dreiv ein med på dødballar? Vi hadde flest kornera av alle, men ikkje eit mål i serien.

 For Sogndal 2 vart det nedrykk frå 3. divisjon. Ei katastrofe! Forferdeleg å konstatere at "forsterkingar" frå A-lagstroppen, nokon gonger 7 stk, ikkje greidde å ta poenga som måtte til. Det var nær krise i fjor og. Vi hadde håpa det var teke lærdom. I år vart vara levert. Diverre. Å komme seg opp att må vere målet i 2024. Men det blir hardt mot gode lag som Fjøra. Laga i dei nasjonale seriane leverte jamt bra, og NG19 henta heim ein pokal. Dette kompenserer diverre ikkje for totalen. 2023 vart eit elendig år sportsleg.

 

Saftkokaradn:

Me starta på fellessamlinga på Gol i januar med møte med leiinga i Sogndal Fotball. På våre eigne møte i styret planla vi sesongen. Dette er ein god arena for oss å skape dialog og relasjonar før sesongen. Me var godt representert på NSA-helga på Ullevaal. Helga vart fylt med diskusjonar internt og med NFF og NTF-leiinga. Tema til diskusjon var blant anna dommarsituasjonen med VAR, serieoppsettet, pyro og anna tribunestøtte. SK/SLO hadde eigne møter. Me har framleis våre representantar med i NSA (Vidar Vadseth og Therese).

Øyvind var med i styret i Sogndal Fotball på 2.året. Tonje sit framleis i valnemnda, og Martin har spela ei viktig rolle med ansvar for media for klubben i år. Me har også i år og vore aktive på sosiale medium og med podkast. Der har vi verkeleg levert. Styret fungerer godt.

Me har levert nokre veldig gode Tifo-arrangement med pyro-gjennomføringar og bra trøkk- Til dømes på Åsane arena var det me som regjerte. Me har nytta Fjøra pub mykje som vår fotballpub. Me har blant anna arrangert quiz, årsmøte og julebord her. Også i år har me støtta uavhengig journalistikk om fotball gjennom vår årlege donasjon.

Handlingsplanen for året har me følgd godt opp. Me konkludera med at me er nøgde med aktiviteten og 122 offisielle medlemmar og vil strekkje oss enno nærmare 150 i 2024. Då gjerne og med nokre frå spelarstallane som medlem?

 

No ser me fram mot 2024, og køyrer på vidare. Styret skal som vanleg til Gol på fellessamling med Sogndal Fotball. I månadsskiftet januar/februar er det klart for NSA-helg på Ullevaal. Treningskampane er i gang frå januar, og kanskje får me også sett kampane i Spania, for no skal Martin dit. Ikkje so mange av oss gler oss til generalprøva mot det nest beste eliteserielaget. Her trur me enkelte sine draumar har slege knockout på kjølege vurderingar. Lukkast vi med spelarlogistikken i vinter? OBOS-ligaen 2024 blir vesentleg tøffare enn 2023, men det betyr også fleire storkampar. 2. divisjon kvinner gler me oss til!

God jul og godt nytt år!

Foto i saka: Stig Høynes, Martin Salbu, Therese Langeland, Håvard Flo og Rune Sjøberg

Vyrdsamt

Styret

Øyvind, Tonje, Therese, Martin, Sondre, Sindre og Kåre

Forrige
Forrige

Bli med på tur til Oslo 1. april!

Neste
Neste

Påmelding til Julebord 2023