Årsmøte i Saftkokaradn

  • Saftkokaradn har tradisjon for godt oppmøte på årsmøta, med stor takhøgd for debatt.

Årsmøtet for 2022 vart gjennomført søndag 12. mars klokka 13:30 på Fjøra Pub. Møtet vart ferdig på litt over 1 time og agendaen bestod også i år av vanlege årsmøtesaker.

Me ønskjer velkommen til Kåre Salbu som nytt styremedlem etter at Geir Marcus Molland ikkje tok attval. Sindre Myrvang og Therese Langeland tok attval for 2 nye år i styret. Valnemda i 2023 er framleis Vidar Vadseth og Bente Mossige Ask.

Det nye styret består av:

Øyvind Heimset Larsen (leiar), Tonje Norheim Tangerud, Therese Langeland, Sindre Myrvang, Martin Salbu, Sondre Bremer og Kåre Salbu (ny)

Årsmeldinga for 2022 les du her. Og det signerte referatet les du her.


Årsmøtet for 2021 vart gjennomført laurdag 26. mars klokka 14.00. Møtet vart gjennomført i auditoriet ved stallen på Fosshaugane Campus. Møtet var ferdig etter litt over ein time. På agendaen var det vanlege årsmøtesaker.

Punkt som kan vere greitt å merke seg, er at Saftkokaradn no er offisiell supportarklubb også for Sogndal FK damer. Ellers vart det gjort små endringar og korrigeringar i vedtektene.

Det nye styret består av:

Øyvind Heimset Larsen (leiar), Tonje Norheim Tangerud, Therese Langeland, Sindre Myrvang, Martin Salbu, Geir Marcus Molland og Sondre Bremer (ny)

Dei reviderte vedtektene finn du her. Årsmeldinga for 2021 finn du her. Signert referat finn du her.


Årsmøtet for 2020 vart gjennomført 15. mai klokka 16.00. Møtet vart gjennomført digitalt og var ferdig i løpet av ein time.

Årsmeldinga for 2020 kan du lese her. Dei reviderte vedtektene kan du lese her.

Det nye styret består av:

Øyvind Heimset Larsen (leiar) i lag med Tonje Norheim Tangerud, Therese Langeland, Bente Mossige Ask, Sindre Myrvang, Geir Marcus Molland og Martin Salbu


Årsmøte 2019 vart gjennomført 30.mars kl 15 på Lægreid. Det var ope for deltaking for både medlemmer og observatørar/media.

Agenda var vanlege årsmøtesaker.

Du lastar ned referatet for årsmøtet 2019 her.

Dette styret vart valgt:

Vidar Vadset (leiar) fekk med seg Øyvind Heimset Larsen, Joakim Lærum, Sindre Myrvang, Therese Flæte Blomberg, Tonje Norheim Tangerud og Bente Mossige Ask i styret.

Valnemda vart attvald: Wilhelm Tangerud og Karl Andre Dahle


Årsmøte 2017 vart gjennomført 11.mars. Du kan laste ned det signerte referatet her.