Info bortesupportar

Hei alle fotballinteresserte gjester. Velkommen skal de vere!

Me i Saftkokaradn held til på Fjøra Pub i Sogndalsfjøra før kampar. Her er de hjarteleg velkomne!

Lægreid er eit godt hotell for overnatting med bra hotellrom og god frokost. Quality Hotel Sogndal er også eit godt alternativ, med to ok spisestader (Italienske La Pergola og burgerrestauranten Vågal)

Begge hotella ligg midt i Sogndal sentrum i 10-15 min roleg gåavstand til stadion og 1-5 min til busstasjonen/taxisentral. 

Bortebillettinformasjon finn du her - Billettbestilling og informasjon 
Adgang til tribuna ved port 1. Kortside retning sentrum. På same kortside er billettluka. Porten opnar 90min før kampstart.

Det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplass ved stadion, men i sentrum er det nok plassar. Kjem de med ein supporterbuss vert de dirigert av vaktene til eit lukka område rett bak stadion.

Ta gjerne kontakt med vår supporterkoordinator, Therese Langeland, om noko er uklart. Vi ser fram til at de tek turen!

Saftkokaradn