Borteturar

Saftkokaradn har det kjekt på tur! Desse er sosiale og fylt med kjekke aktivitetar og spenning i form av konkurransar og sjølvsagt kampen.

Informasjon om bortetur vil ein finna på Facebooksida vår, og i gruppa Saftkokaradn på Facebook. Det vil bli informert i god tid når det skal arrangerast bortetur, men det kan også kome endringar på kort varsel så me anbefalar alle å følgje med der.

I 2022 inngjekk Saftkokaradn ein samarbeidsavtale med Hertz. Den er også gyldig i 2023. Det gjer at me kan tilby medlemmar tur til gode prisar! Me er veldig glade for at me har fått til ein slik avtale og må retta ein stor takk til Hertz for at dei gjorde det mogleg. Tusen takk!

Me opplever at det gjamnt over er bra engasjement på bortekampane og at det spesielt i Bergensområdet er litt ekstra. Veldig mange er opptatt av å få til fellesturar, noko me i styret støttar. Med den nye avtalen vil me klare å arrangere tur mykje oftare, så lenge det er nok interesse blandt medlemmane våre. I tillegg vil klubben ved nokre tilfeller arrangere fellestur der Saftkokaradn vert inviterte til å bli med. 2023 skal bli eit bra år med mange borteturar, så meld deg inn i Saftkokaradn og bli med!

TV-samlingar og landslag

Av og til høver det berre ikkje for alle å reise. Kanskje har kampen blitt flytta på kort varsel til eit ugunstig tidspunkt? Kanskje er du på jobboppdrag i hovudstaden? Kanskje er ikkje kostnaden ved å ta turen langt til å leve med for deg ein periode?  Då er uansett den mest sosiale og beste opplevinga og det rette valet for deg å sjå kampen i lag med likesinna i fleire deler av landet! 

I Sogndal samlast me på Fjøra Pub så ofte me kan. På bortekampane samlast dei som ikkje reiser på bortetur. Me arrangerer ulike quizar og andre arrangement med gjamne mellomrom. Før enkelte heimekampar brukar me også å arrangere samlingar her. Også ved andre høve vert Fjøra Pub brukt som samlingsplass i Sogndal.

I Hallingdal, i Oslo, i Bergen og andre stader der Saftkokaradn har lokalavdelingar varierer det frå gong til gong. I området kring Gol er kontaktperson Odd Martin Stigen. I Bergen har det vore fleire stader å velje mellom, men Metz er mykje brukt. I Oslo er Sindre Myrvang rett mann å kontakte. Du som er Sogndal-supporter er hjarteleg velkommen uansett kor i landet me samlast.

Vi har tilgong til billettar på landskampar NSA-feltet. Kontaktperson er Sindre Myrvang.

Kontaktpersonane hjå oss lokalisert i dei ulike områda skal kunne hjelpe deg som supporter til å finne samlingsstad og likesinna. Du finn kontaktinfo til desse på Facebook. Det eksisterte eigne sider for mange av lokallaga. Her vert og samlingstad og tidspunkt annonsert eller det vert annonsert mobilnummer du som Sogndalsupportar kan få informasjon på.