God supportarskikk!

Før kamp:
Ta kontakt med motstandarane sin supportarklubb før kamp, avtal uteplassar, plassering på tribuna, evt. nachspiel og evt. fellesarrangement (f. eks. fotballkamp mellom supportarar før kamp). Møt opp i god tid før kampstart og gi laget ditt ein god velkomst under oppvarmingen.

På kamp:
Du er på fotballkamp for å sjå fotball, ikkje for å setta ny personleg rekord i promille. Di rolla so supportar er å støtta ditt lag - uansett. Konsentrer deg om å ropa fram ditt lag, i medgang og motgang. Hetsing av eigne spelarar blir ikkje godteke. Det er i motgang laget ditt treng mest støtte! Hetsing av dommar og motstandarar kan være moro, men gløym aldri at du er der for å gi dine eigne støtte. Uansett er utbrot med rasistiske utsagn, homohetsing, religion og valdstrusler ikkje akseptabelt. Unngå meiningslause provokasjonar so å gi andre supportarar fingeren osv. Oppfør deg fint ovanfor dine medsupportarar. Det er ikkje alt ein er einig om i eiga leikegrind heller. All bruk av fysisk vald, spytting, kasting av ting på dommarar, spelarar, andre supportarar eller tilskodarar er uakseptabelt. Viss nokon av dine medsupportarar gjer dette, so få dei vekk frå tribuna.

Etter kampen:
Forlat ikkje bana før kampen er slutt og ditt lags spelarar har forlete bana. Takk laget ditt for innsatsen, uansett kamputfall. Vèr ein god vinnar og la dei tapande lags supportarar i fred. Viss dykkar lag tapar, ikkje gjer dykk til dei dårlegaste supportarane ved å laga bråk på veg heim.

Generelt:
Hald deg saman med dine eigne supportarar, før, under og etter kamp, samt inn og ut av tribuna. Alle fotballsupportarar har ein ting felles: fotballinteressa. Utan supportarar på andre lag forsvinn all moroa på tribuna og utanfor. Ein kamp er 2x45 minutt med "hat". Elles er me vener, med helt ulik oppfatning av kva lag so er Noregs beste og kva lag so har dei beste supportarane. 
Alt supportarutstyr, uansett lag skal behandlast med respekt. Opplever du bråk eller unødvendige provokasjoner, sei ifrå til din supportarklubb, so tek det opp med motstandaranes supportarklubb.