Podkast

Saftkokaradn og Sogndal Fotball sin eigen podkast

I februar 2022 lanserte me vår heilt eigen podkast som vert produsert i samarbeid med Sogndal Fotball. Det er Martin Salbu og Sondre Henjum Bremer som er ansvarlege for denne. Podkasten heiter “Stao no Pao” og kan lyttast til på Apple podkast, Spotify og på vår eigen YouTube-kanal. I 2023 har me også begynt å filme podkastane slik at den også er tilgjengeleg som videopodkast.

Podkasten handlar om Sogndal Fotball frå breidde til A-lag. Ein får oppdateringar på det siste nye rundt klubben og ein blir kjend med dei ulike aldersbestemte laga i større grad. Den nyoppretta klubben Sogndal FK damer vert også ein del av innhaldet i episodane. Med gjamne mellomrom vil me få gjester på besøk som for eksempel trenarar, spelarar, supportarar og andre i klubben. I den fyrste sesongen av podkasten vart det utgitt 37 episodar som alle ligg ute. Her får du intervju med mange interessante gjestar og mykje meir.

Sjekk den ut!