Uefa Youth league er siste kamp og ungdomen lyspunktet i år. Og Saftkokaradn støttar Dråpen i havet

Året vart ikkje slik vi hadde håpa. Laget nådde kvallik, men slapp jamnt over inn for mange mål. Det positive unntaket er i år som i fjor talenta våre, som leverte i NMG19 cup og enno leverer i Uefa Youth League med siste kamp i kveld på Fosshaugane mot FC Sheriff.

Vi mobiliserte også til den kvalifiseringskampen laget nådde mot Kongsvinger fordi eit anna lag vart trekt i poeng. Som de ser på biletet var der god tribunestemning trass langt frå fulle tribuner. Vi er glade for at klubben vår, som fleire andre, har flagga sitt standpunkt om at pyro i ordna former støttar opp om tribunestemning.

Ein minibuss reiste til Kongsvinger og lagskassa til Saftkokaradn er litt slunken no. Men vi har tradisjon for å å gje ei årleg gåve til eit føremål styret vel og vi ser oss råd til å støtte “Dråpen i havet” -innsatsen til Heggestad og Mo i desember med kr 4000.

Saftkokaradn har internt julebord-avslutning fredag 13.desember. Då blir det garrantert reflektert over sesongen og stoda.

Vi reknar med å bli invitert og betre involvert i god dialog med klubben før og i opprykksåret 2020. SNP!

Forrige
Forrige

Årsmøte i Saftkokaradn 6.juli kl 1630 på Restauranthuset Malin og på video

Neste
Neste

To organiserte borteturar i innspurten: Raufoss og KFUM