To organiserte borteturar i innspurten: Raufoss og KFUM

KFUM- Sogndal laurdag 9.nov kl 1530 på Intility arena

Onsdag var det UEFA Youth League borte mot Sheriff Tiraspol frå Moldova. Dette vart ein litt lang bortetur for mange, men i Tigerstaden laurdag ventar vi å sjå mange av våre på bortefeltet. Greier vi 100?

Saftkokaradn køyrer på med GRATIS buss til Oslo laurdag 9.11 KFUM-Sogndal! Me kjempar om 4.plass og ein fordel inn i kvaliken. No må den 12.mann stå fram!

Gratis for medlem og 200kr for ikkje medlem. Meir info og påmelding i lenka under:
https://forms.gle/y4DzLq4dLxHzc7JD8…

Turen vert sponsa av:

Neumann AS, Europris, Amfi Sogningen, Lerum, Avery Dennison NTP

Raufoss- Sogndal søndag 27.10 kl 19 på Nammo stadion

Vi sette opp organisert bortetur til Raufoss, med god hjelp frå våre samarbeidspartnarar og til og med frå spelarane. Avreise kl 10 frå busstasjonen og retur i skapeleg tid. Dette var gratis for medlemmar (billegare blir det ikkje) og kr 200 for ikkje-medlem. Turen vart sponsa av:
Joar Solberg Trafikkskule, Intersport Sogndal, Meny Sogndal, Toyota Sogn

Det vart ei veldig artig samling på heimelaget sitt faste vatnhol, Retro bar, før kampen. Sjølve kampen enda med eit poeng til kvart lag. Det var vi ikkje heilt nøgde med. Men turen var flott og Tide var godt nøgd transportør.

Forrige
Forrige

Uefa Youth league er siste kamp og ungdomen lyspunktet i år. Og Saftkokaradn støttar Dråpen i havet

Neste
Neste

Avspark 2019 fredag 29.mars og vi er med på lansering av junior support!